Ny historieforfalskning frå Knut Henning Thygesen

Det er tretti år sidan vi fekk høyre om Solidarinosc i Gdansk. Knut Henning Thygesen, Rødt i Risør, fortel 17. august om ein tur til Gdansk der Solidarinosc og Lech Walesa har fått den velfortente æra av å ha starta dominoeffekten som førte til at Berlinmurens og kommunismens fall.
Thygesen nemner han var med i solidaritetsarbeidet i Risør den gongen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Det skal han ha takk for. Men når han — enda ein gong — forsøker å gi eit inntrykk av at han og vennene i Rødt (den gongen AKP m-l) støtta Polen for å fremme demokrati i Aust-Europa, er det sleip historieforfalskning.

Foran restar av Berlinmuren og Leninverftmur, ved Solidaritetskontoret

Foto: Jan Kløvstad

Bildet viser ein rest av Berlin-muren, plassert utanfor Slidarinosch-kontoret i Gdansk.

For samtidig som Knut Henning Thygesen samla inn pengar til dei som streika mot kommunismen i Polen, kritiserte han og hans likesinna Sovjetunionen for å ha svikta Stalins politikk! AKP m-l, nå Rødt, har aldri vore for demokrati, berre mot Sovjetunionen, vel å merke etter Stalin. For ordens skuld: eg har også alltid vore mot Sovjetunionen. Men i motsetnad til AKP m-l og Rødt er eg også sterk motstandar av Stalins Sovjetunionen som Knut Henning Thygesen og hans likesinna forsvarte så iherdig. AKP m-l starta forlaget Oktober for å gi ut Stalins og Lenins skrifter, og avisa Klassekampen med portrett av både Lenin og Stalin på tittelhovudet. AKP m-l støtta dei grusomme regima i Albania, Kina og Kambodsja, og ennå ser vi ingen teikn i Rødt på den berømte "sjølkritikken" frå Thygesen. For meg er det ufatteleg at noen i det demokratiske Norge kan finne på å lefle med stalinisme, dei nemnte grusomme regima, fascismen og nazismen.

Thygesen nemner "reformkommunisten" Kuron i sin siste Polen-artikkel. Det er ei rein fornærming og totalt historielaust grensande til det injurierande å kalle Jacek Kuron reformkommunist. Kuron var medlem av kommunistpartiet for å sprenge det innanfrå før Solidarinosc-tida. Jacek Kuron (1934-2004) var ein liberalar, som var med på å skape den anti-sosialistiske og anti-kommunistiske fagrørsla Solidarinosc. Etter Berlinmurens fall var han blant dei førande liberale krefter i Polen til han døde så altfor tidleg i 2004. Jacek Kuron var ein sann demokrat, sosialt engasjert og kritisk også til den lausslepne kapitalismen som dessverre fekk utfalde seg i delar av Aust-Europa etter Berlinmurens fall.

Solidaritetsmonument Gdansk

Foto: Jan Kløvstad

Bildet er frå inngangsporten til Leninverftet i Gdansk.

Knut Henning Thygesen skriv om å forstå, "med noen år og noen hundre mils avstand". Ja, eg håpar han vil forstå, forstå at han og hans likesinna har svikta alle som har vore så uheldige å vekse opp i dei landa partiet Rødt har dyrka som idealstatar. Og da skal han be fattigfolk i idealstatane sine om unnskyldning i staden for å forsøke å innbille folk at han har kjempa for demokrati.

Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**