Ja-då, vi treng å læra!

Måndag 30.august blei 3 bedrifter på Voss besøkt av Venstrefolk. Det var ein gjevande dag!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Erfaringar, status og utfordringar for små bedrifter stod i fokus 30. aug. då Harald Hove, V-gruppeleiar i Hordaland fylkesting, Torstein Gunnarson, gruppeleiar i Voss kommunestyre og Anne-Jorunn Ryum Møen og Geir Inge Kvinge frå styret i Voss Venstre besøke garden Selheim og Selheim gardsslakteri, kafeen «Tre Brør»» og «Lene’s kjøkken».
Vi blei svært godt mottatt alle stader, og hadde slik både ein triveleg og nyttig dag. Ikkje berre idear, men også idealisme og mykje dugnad trengst ved utviding av ei bedrift eller oppstart av nye bedrifter.
Elles blei m.a. litt meir sunt skjønn og litt mindre omfattande og regelverk – særleg ved rigorøse/ bokstavtru kontrollar og oppfølgjing – etterlyst, like eins særlege avgiftsvilkår første åra inntil bedrifta begynner å å tena pengar.
Og «kortreist mat» er nok enno ofte meir populært i overskrifter enn når innkjøpa blir gjort i butikken!
«Hordaland» gav besøket på gardsslakteriet bra oppslag i avisa for 31. aug..
Torstein Gunnarson

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**