Fred Arthur Asdal er dagleg leiar i kunnskapsbedriften (presis360), som held til i same hus som Novemberfilm og Media-Service as på Krøgenes i Arendal. Bedrifta har seks tilsette i fire årsverk innan strategi, PR og reklame. Etableringsfasen var vanskeleg, med høge kostnader før inntektene kunne kome. I etableringsfasen fekk gründarane klart inntrykk av at støtteordningane var meir til oppmuntring og trøst enn reell invetsreing i framtidig lønsame arbeidsplassar. Venstres langvarige kamp for å fjerne arbeidsgiveravgifta for småbedrifter er heilt i tråd med erfaringane frå (presis360).
I dag er bedrifta i vekst, har stadig fleire kundar, har bygd opp god kompetanse lokalt og regionalt og har fått plassert seg i ei næringsklynge som gir gode synergieffektar. Eit ønske frå bedrifta er at det offentlege skaffar seg meir kunnskap om lokal kompetanse, og ikkje fell så fort for ein tankegang om at dei sikkert veit betre og kan meir i Oslo. Vidare har den unge bedrifta oppdaga fleire manglar i profesjonalismen i offentleg anbodspraksis.
Cathrine Høyesen Hall og Jan Kløvstad i Arendal Venstre besøkte (presis360) som del av Venstres bedriftskampanje.
Les meir om (presis360) her.