med videoproduksjon for lystbåtbransjen. Nå er det 4 tilsette og noen fleire i støtrre produksjonar som den komande TV2-serien om dyrepassarane i Dyreparken. Nils Lyhne har også vore med frå første tida og tekstforfatta
r Knut Frognes er også mellom veteranane.
Media-Service har produsert meir enn 2000 filmar, og alt er tatt vare på. På spørsmål om kva som er det viktigaste lokale og nasjonale folkevalte kan bidra med, er svaret at det er eit klart og dokumentert inntrykk i filmbransjen at filmstøtta er skeivt geografisk fordelt. Oslo-området får så absolutt mest til å utvikle produksjonar. Men Svein Tallaksen og Knut Frognes legg stor vekt på at etableringa av Sørnorsk filmsenter og den dyktige daglege leiaren Åse M. Meyer har enorm betydning for utviklinga av filmbransjen på Sørlandet.
– Sørnorsk filmsenter er kjempefin hjelp, med høg kompetanse og mange gode kurs, seier
Svein Tallaksen og Knut Frognes med skuffane fulle av prosjekt dei vil realisere.
Media-Service er opptatt av å vere eit komplett selskap, med alle faglege funksjonar i eitt og same hus. Den lange og samanhengande historia gir tillit, både når næringslivet i regionen vil ha presentasjons-, instruksjons- og reklamefilmar og i forhandlingar med NRK og TV2. Eit særleg hjarte har Media-Service for kulturhistoriske og museale produksjonar, som “Huser du”-serien med lokalhistorie frå Arendal og til saman 60-70 kulturhistoriske filmar.
Cathrine Høyesen Hall og Jan Kløvstad i Arendal Venstre tar med seg innspela frå Media-Service og dei andre bedriftsbesøka vidare til bystyregruppa, fylkestingsgruppa og stortingsgruppa.