Ved Kongshavn på Tromøya møtte Cathrine Høyesen Hall og Jan Kløvstad dagleg leiar Kurt Hellevik
i skiltgrossisten Atac, der vi diskuterte rammevilkår nasjonalt og lokalt. Også behovet for ein god skilt- og reklamemakarutdanning etter mønster frå Aalborg tekniske skole var sentral i samtalen.
Atac arbeider nå med nye nettsider, følg med her.
I den private omsorgsbedriften Trygg Hjemme as møtte vi Torill Bøhler, som orienterte om bedrifta som har kontor i Kristiansand og Arendal, ti årsverk i Kristiansand og foreløpig eitt i Arendal.
Trygg Hjemme as har tilsett sjukepleiarar og andre helsearbeidarar som med engasjement og profesjonell oppfølging vil gjere kvardagen glad og trygg for kundane. Alle tilsette er over 40 år, fordi “vi tror at voksne, erfarne mennesker best kan forstå eldre og sykes behov.”
Trygg Hjemme as har følgt godt med i debatten i Arendal om å åpne for frivillige organisasjonar og private firma i omsorgen, og har alle avisinnlegga hengande på veggen.
Arendal Venstre følgjer nå opp fleirtalsvedtaket frå bystyret i juni for å få eit sytem på samarbeidet, og vi drar også på studiebesøk i Grimstad for å sjå korleis Venstrestyrte Grimstad kommune arbeider med denne prosessen.
Mandag er det besøk hos Media-Service as og kommunikasjonsbyrået Presis360, og torsdag var Jan Kløvstad med på bystyrets bedriftsbesøk hos APL.