– I denne saka har Per Rune Henriksen og Arbeidarpartiet vingla meir enn eg har sett sjølv Venstrefolk gjere, sa ho i debatten, og understreket at det same gjeld Statnett.
– I byrjinga var det kostnadane med ei skånsam løysing som gjorde at ein ikkje kunne byggja sjøkabel. Seinare vert forsyningssikkerheita trekt fram som eit hovudargument. No seier konserndirektør i Statnett nok ein gong at det er eit spørsmål om pengar. For ei tid tilbake avviste kommunikasjonsdirektøren deira nett det same. Dette heng ikkje på greip, seier Hellesnes.
I debatten kom også publikum til orde, og Arbeidarpartiet vert stilt til veggs når det kom til forbruksreduksjon og ENØK-tiltak.
Korkje representanten frå regjeringa eller etatane kunne svare på kor mykje reduksjon i straumforbruket ein kunne ha fått hadde ein brukt pengane på miljøtiltak heller enn fleire master. Det er tydeleg at dei ikkje eingong har tenkt på slike alternativ, seier Hellesnes i etterkant av debatten.