Nestleiar Cathrine Høyesen Hall og leiar Jan Kløvstad i Arendal Venstre hadde sendt ut spørreskjema på førehand, og bedriftene orienterte om tilsette/årsverk, aktiviteten i bedriften, omsetning, ga innspel og kommentarar til vilkåra for næringslivet i landet, fylke og kommunen, og ga konkrete råd og kom med ønske om kva Venstre bør følgje opp lokalt, regionalt og på landsplan.
Svara blir nå systematisert og brakt vidare til folkevalte i Venstre på alle nivå, og er med på å danne grunnlaget for verdiskapingsdebatten på Venstres landsmøte våren 2011. Og alt i komande veke vil Venstre i Arendal følgje opp fleire av innspela med konkret lokalpolitisk handling.
Torstein Paulsen og Svein Rannekleiv informerte om Arendals bryggeri i vekst, om grunnavgift på emballasje, byråkratikrav og kor viktig det er å ha forutsigbare forhold.
Svenn Bruun Isaksen i Aleo (her saman med Cathrine Høyesen Hall) kunne fortelle om ein miljøbevisst bedrift som konsekventkjøper klimakvoter, brukar dei servarane som brukar minst straum, tar alle kundebesøk i Arendal og Grimstad på sykkel, og som gir heilt konkrete innspel både om minstefrådrag for næringsdrivande og om sykkelutfordringar i Arendal. Les meir om Aleo.
Og på Bjellandstrand gård er femårsjubileet feira, bedriften er i god vekst med ny gåvebutikk, rosehagen blomstrar og det var 10 000 gjestar berre i juli i år. Bjellandstrand gård er nyleg godkjent som ein av dei 20 første Norwegian Foodprints-restaurantane. På bildet (frå venstre) Unni og Jon Ramsvatn og Cathrine Høyesen Hall.
Bedriftsaksjonen held fram også neste veke, med nye bedriftsbesøk.