På linje med Hardanger

Hadde motstanden mot kraftlinja i Hardanger kun vorte fronta av miljøromatikarar med adresse Oslo, ville vi i Balestrand Venstre truleg ikkje brydd oss noko særleg. Det vi derimot ser i denne saka treff oss venstrefolk rett i hjarterota. Omsynet til natur og miljø er sjølvsagt viktig, men det er den lokale forankringa som verkeleg gjev aksjonen truverde. Hardanger står samla på tvers av det som elles skil. Oppå dette kjem den store sympatien saka har nasjonalt både frå næringsliv og media; og det må vere eit stort tankekors for den statlege treeinigheit, Statnett, NVE og OED, at bergensarar i hopetal sluttar opp om aksjonen; Bergen som er utpeikt som katastrofeområde dersom luftlinja ikkje kjem.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

 Laurdag 14. august vart det gjennomført ei stormønstring mot dei planlagde kraftlinjene i Hardanger. Godt over 700 menneske hadde møtt fram til marsj og markering i utmarka ved Øystese, Kvam herad. Frå Balestrand møtte lokallagsleiar Råmund Nyhammer, og han seier det vart eit mektig og veldig viktig politisk arrangement.

Laurdag 14. august vart det gjennomført ei stormønstring mot dei planlagde kraftlinjene i Hardanger. Godt over 700 menneske hadde møtt fram til marsj og markering i utmarka ved Øystese, Kvam herad. Frå Balestrand møtte lokallagsleiar Råmund Nyhammer, og han seier det vart eit mektig og veldig viktig politisk arrangement.

Den 10. august kom det som vert kalla regjeringa sin snuoperasjon. Galant kalla Riis-Johansen det, klokt sa Stoltenberg. Det er korkje galant eller klokt; heller ikkje ein fullverdig snuoperasjon så lenge det ikkje er snakk om ein total time out. Plan- og byggeprosessen skal gå vidare kun med den endringa at ein startar i Samnanger medan ein utgreier sjøkabelalternativet. I det heile køyrer regjeringa denne saka på ein uryddig og klanderverdig måte. Med oppstart av masterbygging frå Samnanger blokkerer regjeringa for Kvam herad sitt rettmessige ønskje om jordkabel gjennom Norheimsund og under Kvamskogen. Kvam herad har full ryggdekning frå dei andre berørte kommunane i sitt krav om utgreiing av dette alternativet.

Det er ikkje berre sjø-/jordkabelalternativet som bør utgreiast, men også det Naturvernforbundet kallar "den tredje veg". Kort går dette ut på ei vurdering på om ein kan sikre energiforsyninga i Bergen-regionen ved å bruke pengane avsett til kraftlinja i Hardanger til energieffektivisering i regionen i staden. Ein ønskjer at dette skal vere eit pilotprosjekt. Denne tanken har tilslutnad i folkeaksjonen og mellom mange politikarar. Ein fullstendig time out må til også for å få på plass ei endring i energilova som opnar for auka bruk av jord- og sjøkabel i område med verdfulle naturlandskap. Eit slikt forslag vil Venstre reise i Stortinget i haust. Etter det som skjedde 10. august må det vere heilt umogeleg for Sp og SV å gå mot eit slikt forslag.

Ei avgjerd om kraftlinja Fardal — Ørskog står framfor ei avgjerd i OED; kanskje ikkje fullt så nært føreståande som tidlegare tenkt. Det er likevel viktig at politikarar her i fylket engasjerer seg på nytt i "vår" 420kV-linje. Vi har mykje å lære av folkeaksjonen i Hardanger, og ein kan dra nytte av det dei har fått til så langt. Vi kan ikkje la fylkesordførar, Statnett, NVE og OED uhemma brøyte seg fram i verdfull natur utan å møte motførestillingar.

Innlegg frå styret i Balestrand Venstre
v/ leiar Råmund Nyhammer

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**