Svaret på Hardangerlina avgjerande for Ørskog -Fardal

(Gunn Berit Gjerde) Omlag 7-800 menneske tok del i protestaksjonen mot høgspentlina gjennom fager Hardangernatur. Venstre markerte seg skikkeleg under aksjonen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Nestleiar Ola Elvestuen var ein av apellhaldarane og var soleklar i si melding. Noreg har råd til å ta omsyn til natur og miljø og legge deler av høgspentlina gjennom Hardanger i sjøkabel. Han framheva også den teknologiske forspranget forsking og bruk av slike sjøkablar ville gi Noreg.Nesten heile toppeliten i Venstre var med, og frå Møre og Romsdal var fylkestingsrepresentant Gunn Berit Gjerde med. Ho er heilt sikker på at vedtak i hardangerlina blir heilt avgjerande for kva som skjer med høgspentlina frå Ørskog til Fardal der Møre og Romsdal Venstre ønskjer lina lagt i sjø- eller jordkabel gjennom dei mest sårbare områda.

Gunn Berit Gjerde og Inge Kolås

Gunn Berit Gjerde og Inge Kolås
Foto: Venstre

Aksjonen Stopp Monsterlina gjennom HRDANGER HADDE LAGA EIT fantstisk arrangement med vandring langs den planlagde traseen: i fager natur, forbi fjell og stølar. Det var tend eld på fjelltoppane som eit varsel på fare, og langs heile ruta var det musikarar som heia deltakarane fram med solosang, fele, fløyte og saxofon. På ein av vollane var alt forlket samla og det var korsong og apellar frå Venstre, Høgre, SV og Naturvernforbundet. Ap og SP ville ikkje stille opp. Venstre fekk mykje skryt for sitt engasjement av aksjonsleiinga.

Bilete frå “protestmarsjen” i Hardanger

Ola Elvestuen

Ola Elvestuen
Foto: Gunn Berit

Felespel

Felespel
Foto: Gunn Berit Gjerde

Gunn Berit Gjerde på

Gunn Berit Gjerde på “protestmarsj” i Hardanger
Foto: Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**