I gang etter sommarferien!!

Etter ein sommarpause både i kommunalpolitisk aktivitet og lagsaktivitet, er Venstre i Voss igang igjen! Kva politiske saker som laget vil prøva å markera seg på framover, og førebuingar til kommunevalet neste år, er tema i infobrevet for august.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Sommarferie over – lagsaktivitet og lokalpolitiske møte i gang igjen – litt tilbakeblikk og litt om arbeidet framover!

Innan lokalpolitikken blei fleire store saker behandla i kommunestyre og utval i mai-juni.. Framlegget om vasskraftutbygging i Raundalsvassdraget medførte som kjent ein omfattande diskusjon, med innspel også frå landsdekkande organisasjonar. Etter ein intern høyringsrunde via E-post, gjekk Venstre mot vidare utgreiing med tilvising til vernestatus og naturverdiar. Eit fellesframlegg om dette frå Venstre og SV fekk så i kommunestyret 15 stemmer, mens fleirtalet på 25 vedtok ei vidare utgreiing ( men der styringsgruppa fekk ei litt breiare samansetjing og også skal vurdera andre moglege utviklingsalternativ for Raundalen). Ap-gruppa delte seg ved avrøystinga(!)

Årsmelding og rekneskap for kommunen for 2009 er godkjent. I Venstres innlegg blei det særleg peika på utfordringar framover, og her då særleg vedk. økonomi, næringsutvikling, vegvedlikehald – og på den meir gledelege sida: nytt kulturhus!

I ei sak om vidare drift av matlaboratoriet i Voss retta Venstre sterk kritikk mot kommunen si saksbehandling, både administrativt og politisk. Eit V-framlegg om utsetjing fall, det same galdt eit framlegg om at vidare arbeid skulle ta utgangspunkt i at drifta skulle kunna halda fram. Kommunestyret har elles vedtatt å utvida rama for einslege mindreårige asylskjarar frå 4 til 8 og å tilsetja ei person som særleg skal arbeida med førebyggjande tiltak mot rus og kriminalitet mellom ungdom

Knut Olav Nestås haddde i møtet 17.06 ein interpellasjon om openheit i forvaltninga, der han føreslo at referat frå samarbeidsutvalsmøte i skular og barnehagar, frå ungdomsråd og tilsvarande utval innan sosialtenester og omsorg blir lagt ut på kommunen sine nettsider. Oføraren svara at innspelet ville bli tatt med i det vidare arbeidet med oppdatering av heimesidene m.v. .

Knut Olav Nestås fekk også eit stort oppslag i «Hordaland» for 7. august om behov og tiltak for ungdom.

Mange store saker einskildsaker kjem i haust opp til behandling i kommunestyre og utval. Og framlegg til revidert kommuneplan vil medføra mange debattar, for ikkje å snakka om budsjettet for 2011! I tillegg til pårekna trang økonomi er budsjettframlegget viktig for å visa retning og tiltak for vidare utvikling i bygda – og er dermed sentral for valkampen neste år!

I eit par møte har vi drøfta politiske markeringsområde for Venstre framover. Lista blei lang: miljø/klima, kulturvern, næringsliv/småbedrifter innsyn/ofentlegheit , jernbane, skule/utdanning og forskning, fordeling skatt kommune — stat, sosialhjelpsatsar/omsorg/sosialt ansvar, tiltak for ungdom, status/oppfølging klimaplan, hotellutbygging sentrum.

Problemet er sjølvsagt at vi meiner Venstre har så god politikk at sterk fokus på einskildområde ikkje blir heilt lett! Men kom gjerne med innspel her!!

Førebuingane til eit godt kommuneval i 2011 er bra i gang. Geir Inge Kvitne er leiar i nominasjonsnemnda, og har førebels med seg Erik Røthe Klette. Framlegg til personar som kan spørjast om å stilla på lista, blir mottatt med takk!!

I programnemnda er så langt Torstein Gunnarson, Gaute Klyve og Oddrun Vellene Vevatne med. Innspel til viktige saker, ja takk!

Dvs; vi treng innspel og medspelarar på ulike område!! Ta kontakt!

Mvh. Torstein Gunnarson Knut Olav Nestås
gruppeleiar lagsleiar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**