Ho reiser både for å gi støtte til aksjonane der for å få kabling av høgspentlina gjennom dei mest sårbare områda i Hardanger og for å lære om opplegget i Hardanger. Gunn Berit Gjerde vil også vere solidarisk med venstreordføraren i Ulvik, Mona Hellesnes, som har vore ein av dei fremste i kampen om ei betre miljølysing for kraftlina enn det regjeringa har lagt opp til
.
Venstre i Møre og Romsdal har heile tida kjempa for at høgspentlina frå Fardal gil Ørskog skal leggast i kabel gjennom dei mest sårbare områda for natur, folk og reiseliv. Vi har mellom anna peika på konsekvansane for Sykkylven og Hjørundfjorden i den løysinga som det er gitt konsesjon for. Vi innser at blir det bygt høgspsentmaster i luft gjennom kjende Hardanger med den voldsomme motstanden det har vekt, blir det lett å legge heile lina frå Fardal til Ørskog i luftspenn. No har regjeringa gitt Hardangerforkjemparane lovnad om at dei på nytt skal vurdere sjøkabling på deler av Hardnagerlina. Meir har dei ikkje lovd, og det er difor viktig at trykket blir oppretthalde.
Venstre i Møre og Romsdal har tru på at ny teknologi kan gi kraftframføring på eign måte som ikkje øydelegg naturen i så stor grad som ei høgspentline med opp til 40 50 meter høge master. Vi har fleire gongar tatt til orde for at sunnmørsordførarane må samle seg om eitt alternativ. Gunn Berit Gjerde har også prøvd å få fylkesordføraren til å ta eit slikt samleinititativ. No ser det ut til at det blir ÅRU som kan ta denne samlande rolla for å forsøke å få eit samla Sunnmøre. Det helsar vi velkome. Det er det einaste som kan nytte for å få til eign kraftig protest på kabelstrekk over vakre fjordar ,landskap og bustadområde.
Vi vil rapportere frå protestmarsjen i Hardanger.