Venstre ønskjer at energilovgivinga også skal legge inn omsorga for det klassiske naturvernet, for reiseliv og for andre faktorar slik at dette blir ting man skal vurdere når ein fattar denne typen avgjersler. Venstre ber difor regjeringa om å fremje forslag til endringar i energilovgivinga som opnar for meir bruk av jord- eller sjøkabel ved bygging av kraftleidningar i verdfulle naturlandskap for betre å ivareta miljøomsyn.
For prosjekter i regi av Statsnett, vil vi i vedtaks form be ministeren bruke eigarmakta til å utsette igangsettinga inntil prosjekta er vurderte etter dei nye retningslinjene. Med andre ord må den vedtekne linja i Hardanger bli vurdert etter de nye retningslinjene. For linja i Hardanger sin del meiner vi det må være betre å leve en liten stund til med en viss usikkerheit framfor å øydelegge natur landet vil ha glede og nytte av i all framtid. Venstres forslag inneber også at det blir tatt omsyn til den nye loven når linja Fardal-Ørskog skal bli vurdert.
Venstre foreslår også å styrke satsinga på forskings- og utviklingsarbeid knytt til bruk av jord- og sjøkabel. Dette er viktig for å sikre at kabel i enda større grad blir eit reelt alternativ til luftlinjer.
Jens Johan Hyvik
Fylkesleiar, Møre og Romsdal Venstre