Ikkje heilt seriøst, Linda Hofstad Helleland!

– Ingen er interessert i at lovverket skal sette ein stoppar for utvikling og utbygging på kysten, aller minst vi som bor her, og vi kjem i tida framover ikke utanom å ta i bruk nye delar av strandsona. Men vi må innrette oss etter norsk lov og dei sterke nasjonale føringane som pålegg oss svært streng rasjonering med denne arealressursen. Strandsona må forvaltast i eit mange-generasjonsperspektiv, skriv Johan G. Foss fra Frøya Venstre i eit leserinnlegg som svar på Linda H. Hellelands utspel tidlegare i sommar. Heile innlegget kan du lese her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Ikkje heilt seriøst, Linda Hofstad Helleland!
Stortingsrepresentant Linda Hofstad Helleland (H) foreslår å «frita Trøndelag fra den nye

Johan G Foss

Johan G Foss

strandloven». Det skal god grunngiving til for å frita to fylke frå norsk lov! Det er forresten ikkje snakk om noen ny strandlov. Loven ER vedtatt. Det dreier seg om planloven frå 2008 som avløyste den frå 1985. Planloven av 2008 skjerpa vernet av strandsona. Høyre stemte for dette. Eit seriøst parti kan vanskelig gjera anna.

Strandsona utgjer nemlig ein av dei aller viktigaste delane av naturarven vår, og den er ein engongsressurs. For økosystem og biologisk mangfald er strandsona langt viktigare enn fjellområda. Men den er langt vanskeligare å verne. Strandsona har hatt eit rettsvern med generelt byggeforbod heilt sia 1965. Likevel har det foregått omfattande og til dels svært uheldig nedbygging i store delar av landet, ikkje berre i «indre Oslofjord». Utbyggingsinteressene er sterke, og i mange kommunar har det mangla kunnskap om verdiane og kvalitetane i strandsona, anna enn som areal for utbygging, og ein har derfor vore generøs med dispensasjonar. Mange strandperler har vorte nedbygde, verdifulle biotopar har gått tapt og område er gjort utilgjengelige for folk flest.

Alle regjeringar har prøvd å begrense denne praksisen, ikkje berre den rødgrønne, som Hofstad Helleland framhevar. Høyres miljøvernminister, Børge Brende, skreiv brev om dette til kystkommunar, fylkesmenn og fylkeskommunar i 2002: «Kyst- og strandstrekningene er svært attraktive for allmennhetens ferdsel og friluftsliv. Områdene er også viktige av hensyn til naturverdier, landskap og kulturminner. Som miljøvernminister er det mitt ansvar å påse at disse områdene får den beskyttelse som Stortinget har foruttsatt. … Strandområdene har nasjonal interesse. Kystområdenes betydning er fremhevet av Stortinget ved flere anledninger.»

I planloven av 2008 er det tatt inn eit punkt om at kommunar som set loven til side, kan bli fråtatt retten til å gi dispensasjonar. Stortinget har med dette sagt at vernet av strandsona har vore for svakt og må bli fastare. Det må kommunane no innrette seg etter, og også representanten Hofstad Helleland. I argumentasjonen for lokaldemokratiet kan vi ikkje argumentere imot nasjonaldemokratiet.

Strandsone

Foto: Kåre Pettersen

Det Hofstad Helleland vel siktar til, er det som blir gjort i kjølvatnet av den nye planloven med å utarbeide statlege retningsliner for såkalla differensiert strandsoneforvaltning. Dette går enkelt sagt ut på at kommunar der det ikkje er noe stort press på strandsona, kan få handheve vernet på ein lempeligare måte enn kommunar der presset er større. Slik differensiering er eit verkty som alle helsar velkommen. Men når Hofstad Helleland krev at heile Trøndelag skal «fritas fra den nye strandloven», så betyr jo det at ein i Trøndelag skal gi avkall på dette viktige verktyet. Det er ikkje klokt. I lovproposisjonen er Trondheimsfjorden nemnt som eitt av pressområda i landet, ved sida av delar av Rogaland og Hordaland, sørlandskysten og Oslofjorden.

Ingen er interessert i at lovverket skal sette ein stoppar for utvikling og utbygging på kysten, aller minst vi som bor her. Det er da heller ikkje meininga med Plan- og bygningsloven. Vi kjem i tida framover ikke utanom å ta i bruk nye delar av strandsona. Men vi må innrette oss etter norsk lov og dei sterke nasjonale føringane som pålegg oss svært streng rasjonering med denne arealressursen. Strandsona må forvaltast i eit mange-generasjonsperspektiv. Vi må innstille oss på at berre HEILT NØDVENDIGE tiltak som MÅ ligge i strandsona, skal leggast der. Andre ting må vi legge litt lenger inn på land.

Johan G Foss
Frøya

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**