Dette krev koordinert innsats frå alle lag i organisasjon. Målsetnaden for kampanjeperioden er klar:
* Kvart lokallag skal besøke 3 bedrifter
* Kvar fylkestingsgruppe skal besøke 5 bedrifter
* Stortingsgruppa skal besøke 20 bedrifter
– Ein slik kampanje er ein viktig del av Venstres programarbeid fram mot lokal- og fylkestingsvalet i 2011. Skal vi utforme ein politikk som er til nytte for bedriftar i lokalmiljøa våre, treng vi å vite meir om kva for utfordringar dei har, seier Guri Melby, sentralstyremedlem og medlem av AU i Sør-Trøndelag Venstre. Ho håpar lokallaga tar utfordringa, og samtidig håpar hun at bedrifter som ønskjer seg besøk, tek kontakt med fylkeslaget.
Informasjon til lokallaga
Kampanjemanual
Alle fylkes- og lokallag har fått tilsendt på epost ein kampanjemanual for korleis ein kan gå fram. Har du ikkje fått denne? Send epost til [email protected]! Meir informasjon finn du også på hovudsidane til Venstre.
Framgangsmåte
Før besøket
1. Ta kontakt med bedriftene tidleg — gjerne første veka i august. Forklar bakgrunnen, og at du som ein del av Venstres bedriftskampanje 2010, er svært interessert i å besøkja og å få ein nærmare innføring i kvardagen til bedrifta.
Under besøket
2. Notér det som kjem fram av konkrete problem/framlegg til tiltak. Skjema med spørsmål ligg vedlagt.
3. Informer om kva Venstre planlegg i etterkant:
a. VHO samlar alle innspel og utmeislar konkret politikk og utspel basert på desse.
b. Venstre vil fremja forslag om tiltak i tråd med innspela i kommunestyret/fylkestinget/Stortinget.
Etter besøket
4. Send inn rapport på skjemaet. Bruk aller helst nettskjemaet på http://bit.ly/bedriftskampanje, eller bruk det vedlagde skjemaet og send det inn til [email protected] eller til Venstre, Møllergata 16, 0179 Oslo. Send rapportane seinast 10. september 2010.
5. Meld tilbake i ettertid om og når Venstre har gjort noko som vedkjem bedrifta direkte eller indirekte.
Les meir om kampanjen i Liberal 02-10.