Ministeren overkøyrer regionen

Terje Riis-Johansen viser til fulle at han berre har lytta til dei som eig og har kommersielle interesser i kraftlina gjennom Hardanger, konstanterer Mona H. Hellesnes i dette innlegget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


I BERGENS TIDENDE 6. juli grunngjev olje- og energiministeren Terje Riis-Johansen, Sp, sitt ja til bygging av kraftline i luftspenn gjennom heile Hardanger med to faktorar:
1. Tryggleiken for straumforsyninga til Bergen
2. Sjøkabel er ei usikker løysing

Hardanger

Innspela frå eksterne fagmiljø og oss som må ta kostnadene med linja overser han fullstendig. Undervegs i denne lange prosessen er det kome fram mange innspel frå tunge fagmiljø som stiller spørsmål ved kor nødvendig denne kraftlinja er.

Frå regionale media er det også stilt spørsmål ved sjølve prosessen som ligg bak avgjerda, om måten vi organiserer dette på er eigna til å ivareta demokratiske verdiar og rettar. Olje- og energiministeren avfeiar alt når han skriv at det er hans klare konklusjon at det einaste rette er å seie ja til bygging av luftspenn gjennom Hardanger.

INGEN AV OSS som kjempar imot luftspennet er imot sikker og god straumforsyning til Bergen. Tvert imot. Folkeaksjonen har peika på ulike alternativ, gjerne i kombinasjon med kvarandre. Mellom anna etablering av eit såkalla SVC-anlegg i Samnanger.

Folkeaksjonen har òg etterlyst ei reell utgreiing av sjøkabel. I dei to åra saka har lagt på ministerens bord har han diverre ikkje lagt to pinnar i kors for å få tredje parts vurdering av dette. Konklusjonen tuftar han eine og åleine på Statnetts eigne vurderingar.

TIL ORIENTERING planlegg Statnett for tida ny kabel under Oslofjorden, ein ny til Danmark og ein ny, rekordlang kabel til Storbritannia. Under Oslofjorden vil dei ha ni nye kablar med moderne teknologi til ein pris rundt 1 mrd. I alle desse tilfella er kabel det beste og kanskje einaste alternativet (jf. Statnett sine eigne nettsider).

Hotell Ullensvang, Loftshus, Hardanger

NVE har òg gitt Statnett konsesjon for den norske delen av ein fjerde sjøkabel mellom Norge og Danmark, Skagerrak 4. Korleis ministeren forklarar at det er meir sikkert med sjøkabel i desse områda enn i Hardanger framstår som ei gåte.

I SAKA MED luftspenn i Hardanger prøver regjeringa og å framstille det som om det er heilt logisk at verken kunden (oljenæringa som skal elektrifisera sokkelen) eller forureinaren skal betale prisen. Det skal derimot Hardanger gjere, ved å stille naturen sin til disposisjon.

Det mest verdifulle regionen har å skilte med, skal nøytraliserast for generasjonar framover fordi kunden, som bur ein annan stad, skal sleppe billegare unna! At kjøparen og forureinaren synest dette er ok får så vere. At regjeringa ikkje berre synst det er ok, men best, er heilt uakseptabelt. Ei sterkare overkøyring av ein region frå sentrale styresmakter kan knapt tenkjast.

KVA NYTT SOM kjem fram i ministeren sitt innlegg er vanskeleg å få auge på. Kvifor han brukar tid på endå ein gong å gjenta Statnett sine argument er endå vanskelegare å forstå. Ei kraftlinje i luftspenn gjennom Hardanger er verken den beste eller einaste løysinga!

Mona Hellesnes

Mona H. Hellesnes
• sentralstyremedlem i Venstre,
• ordførar i Ulvik,
• styremedlem i Folkeaksjonen for sjøkabel i Hardanger

Innlegget sto på trykk i Bergens Tidende 13. juli 2010

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**