Fråfall i vidaregåande byrjar i grunnskulen

Fråfall er eit omfattande problem, og ei løysing er avhengig av at ein klarer å snakke saman på tvers av forvaltningsnivåa i Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Utdanning, klasserom, elev, skole

I fylkestinget førre månad var Venstre med på å vedta ein plan mot fråfall i den vidaregåande skulen i Hordaland. Planen inneheld ei rekke gode tiltak som Venstre har etterlyst lenge:

Ei styrka rådgjevingsteneste, auka fokus på tilhøva for lærlingar, og også på kvardagen til lærekandidatar og mindre kjende opplæringsordningar. Det er bra. Likevel kunne eg ynskje meg eit større fokus på ungdomsskulen. Heller ikkje mitt eige parti har vore flinke nok til å sjå heilskapen i problemstillinga.

Hovudfokuset kring fråfall i vidaregåande skule har vore nettopp på vidaregåande skule. Venstre har tatt til orde for auka bruk av spesialpedagogar, utvida rett til vidaregåande opplæring, og betre rådgjevingsteneste. Me har ikkje vore åleine om å ynskje oss slike endringar, og eit godt fagmiljø har pressa på for å få gode tiltak inn i fylkeskommunen sin nye plan.

Skole, utdanning, skrive

Med ei slik spissing har ein diverre mista fokus på heilskapen; problema som gjer at ein møter særskilde utfordringar i den vidaregåande skulen, byrjar eigentleg i grunnskulen.

I Akershus gjennomførte dei for eit par år tilbake eit unikt prosjekt i norsk samanheng; fylkeskommunen og ei rekke kommunar og andre aktørar gjekk saman om eit prosjekt som skulle redusere fråfallet i den vidaregåande skulen, blant anna med fokus på Kjelle vgs. Årsaka til kommunane si deltaking finn ein i eit av hovudtiltaka: Tiltak mot fråfall i vidaregåande vart gjort på ungdomsskulane.

Prosjektet tok mål av seg å identifisere potensielle fråfallskandidatar allereie i grunnskulen, slik at den vidaregåande skulen kunne setje i gong målretta tiltak med ein gong elevane byrja hos dei. Tanken bak er enkel: Ein må ta tak i problema før dei veks seg store.

Venstre på fylkestinget ynskjer å sjå nærare på denne ordninga. Eit slikt prosjekt krev eit auka samarbeid mellom ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane, og då også mellom kommunane og fylket.

Bjørn Magne Hufthammer

Fråfall er eit omfattande problem, og ei løysing er avhengig av at ein klarer å snakke saman på tvers av forvaltningsnivåa i Hordaland.

Bjørn Magne Hufthammer
Fylkestingsrepresentant frå Venstre

Innlegget sto på trykk i VestNytt 8. juli 2010

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**