1000 bedrifter på 20 dagar – Venstres bedriftskampanje sommaren 2010

I perioden 18. august til 7. september 2010 skal Venstre besøkja minst 1000 bedrifter. Målsetnaden er å få større innsikt i kvardagen til bedrifts-Noreg, og betra grunnlaget for både den nasjonale, regionale og kommunale næringspolitikken.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Dette krev koordinert innsats frå alle lag i organisasjon. Målsetnaden for kampanjeperioden er klar:
* Kvart lokallag skal besøke 3 bedrifter
* Kvar fylkestingsgruppe skal besøke 5 bedrifter
* Stortingsgruppa skal besøke 20 bedrifter

Med andre ord: Set i gang planlegginga og ta helst kontakt med aktulle bedrifter med ein gong!

Kampanjemanual
Alle fylkes- og lokallag har fått tilsendt på epost ein kampanjemanual for korleis ein kan gå fram. Har du ikkje fått denne? Send epost til [email protected] eller finn det på VenstrePluss -> Organisasjon -> Kampanje.

Andre ressurser

Last ned følgende:
* Flyer for aktivister
* Flyer til interesserte i bedrifter og enkeltpersonforetak
* Bakgrunnsnotat

Rapportering
Når du har besøkt ei bedrift, kan du rapportere på følgande 3 måtar:
* Gå til denne nettsida og fyll ut online-skjema for rapportering (føretrekt måte)
* Last ned skjemaet i doc-format eller pdf-format og send det til [email protected]
* eller til Venstre, Møllergata 16, 0179 Oslo

Bakgrunn: 1000 bedrifter på 20 dagar
Henta frå Liberal 02-10. Tekst: Kjartan Almenning

– Ein kampanje er med på å synliggjere partiet som éin organisasjon, med felles strategi og felles verkemiddel lokalt, regionalt og nasjonalt, seier generalsekretær Terje Breivik.

 Terje Breivik på besøksrunde

Terje Breivik på besøksrunde
Foto: Bjørg

Mange meiner at politiske parti er reine kampanjeorganisasjonar, som har som einaste føremål å vinne val. — På mange måtar er også Venstre det. Men for oss er det også noko meir. Partiet er også til for politikken, for vårt bidrag til den liberale partifamilien, for borgarane i samfunnet og for demokratiet. Vår politikk, våre politikarar og vår tru på gode, liberale løysingar i demokratiet, skal begeistre borgarane, seier Breivik. — Då er det viktig å kunne gå litt i takt, og å jobbe planmessig og strategisk for å bygge eit eins og gjenkjenneleg bilete av Venstre på alle nivå. Det er vår store utfordring, trur generalsekretæren.

Sommartid er kampanjetid
Venstre lanserer difor fleire kampanjar fram mot valet, der partiet treng innsats frå alle lag, alle folkevalde og alle som har høve til å melde seg til teneste. Den første kampanjen skjer allereie i sommar. Deltakarar på Lokalpolitisk nettverk, skuleringsopplegget framfor valet i 2011, har allereie stifta kjennskap til kampanjen.

– I perioden 18. august til 7. september 2010 skal Venstre besøkja minst 1000 bedrifter. Målsetnaden er å få større innsikt i kvardagen til bedrifts-Noreg, og betra grunnlaget for både den nasjonale, regionale og kommunale næringspolitikken vår, seier Breivik.

– Er dette i praksis koordinerte mediestunt?

– Nei. Sannsynlegvis er det i det fleste tilfelle ikkje lurt eller naudsynt å ta journalistar med på bedriftsbesøka. Det vi vil, er å lytte. Vi skal ha innspel til gode politiske løysingar. Vi skal vere dei omboda vi snakkar om at politikarar bør vere. Medieoppslag bør nok vere eit resultat av kampanjen, men det kan like gjerne vere etter at besøka heilt eller delvis er gjennomført.

 Stortingsgruppa i tog for sjølvstendige arbeidarar sine rettar

Stortingsgruppa i tog for sjølvstendige arbeidarar sine rettar
Foto: Facebook / Selvstendige Arbeidere krever like rett

Fordeling og gjennomføring
Stortingsgruppa og Venstres hovudorganisasjon skal besøkja minst 20 bedrifter i kampanjeperioden. Dette er starten på Borghild Tendens planlagde 100 besøk i løpet av stortingsperioden. Kvar fylkestingsgruppe har ansvar for å besøkja minst 5 bedrifter, og lokallaga har ansvar for, i snitt, å besøkja minst 3
bedrifter kvar. Store lag må ta meir ansvar. Totalt vert dette knapt 1 100 bedrifter.

– Etter at ein har gjennomført besøket, er det viktig at ein noterer dei innspela ein har fått og dei politiske tiltaka ein vil arbeide vidare med. Ved å rapportere dette inn til VHO får vi grunnlag for å innarbeide erfaringane i Venstres nasjonale politikk, og å evaluere om kampanjen var vellukka, seier Breivik.

Framgangsmåte

Før besøket
1. Ta kontakt med bedriftene tidleg — gjerne første veka i august. Forklar bakgrunnen, og at du som ein del av Venstres bedriftskampanje 2010, er svært interessert i å besøkja og å få ein nærmare innføring i kvardagen til bedrifta.

Under besøket
2. Notér det som kjem fram av konkrete problem/framlegg til tiltak. Skjema med spørsmål ligg vedlagt.
3. Informer om kva Venstre planlegg i etterkant:
a. VHO samlar alle innspel og utmeislar konkret politikk og utspel basert på desse.
b. Venstre vil fremja forslag om tiltak i tråd med innspela i kommunestyret/fylkestinget/Stortinget.

Etter besøket
4. Send inn rapport på skjemaet. Bruk aller helst nettskjemaet på http://bit.ly/bedriftskampanje, eller bruk det vedlagde skjemaet og send det inn til [email protected] eller til Venstre, Møllergata 16, 0179 Oslo. Send rapportane seinast 10. september 2010.

5. Meld tilbake i ettertid om og når Venstre har gjort noko som vedkjem bedrifta direkte eller indirekte.

Les meir om kampanjen i Liberal 02-10.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**