For kva skulle kommunen ha å skjule?

– For å byggje truverd, for å skape tillit, for å gje folk innsikt i kva som skjer i kommunen, så lyt me tenke openheit, informasjon og kommunikasjon, var noko av det leiar i Voss Venstre, Knut Olav Nestås, formidla gjennom sin interpellasjon til ordførar i det siste kommunestyremøtet før sommaren.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


I kommunestyremøtet 17.06 fremja Venstre fleire tilleggsforslag og fronta fleire saker. Eit punkt me var – og er – opptekne av er å fremje politikk som minkar avstanden mellom innbyggarane og administrasjonen/politikarane/kommunen elles.

Venstre meinar at du som borgar bør kunne få sjå makthavarane i korta, samt få mest mogeleg informasjon om kva som skjer i «styre og stell» i kommunen vår. Dette er ein kamp me framleis vil vere opptekne av.

Kommunestyrerepresentant og leiar av Voss Venstre, Knut Olav Nestås, fremja følgjande interpellasjon med spørsmål til ordførar:

« Interpellasjon om openheit i forvaltninga:
Voss Venstre er svært opptekne av at offentleg informasjon skal vere lett tilgjengeleg for alle – for borgarar, politikarar, tilsette m. fl. Kun unntaksvis bør informasjon haldast attende, og då med tungtvegande argument lagt til grunn, elles bør me alle kunne få sjå makthavarane i korta. For kva har me å skjule?

For å byggje truverd, for å skape tillit, for å gje folk innsikt i kva som skjer i kommunen, så lyt me tenke openheit, informasjon og kommunikasjon.

Voss Venstre ynskjer at referat frå utvala på skuler, barnehagar og tilsvarande utval knytta til m. a sjukeheimar, barne/familietenester, referat frå ungdomsråd og andre relevante utval samlast på ein stad på Voss Kommune sine nettsider.

Ein del av informasjonen kan nok alt hentast, men på ulike stader og er ikkje like lett tilgjengeleg. Med eit slikt tiltak håpar Voss Venstre at kommunen får ein betre og meir utfyllande nettstad for både tilsette, innbyggarar, lokalvalde politikarar m. fl.

Vil Ordføraren ta initiativ til at dette blir iverksett?

Mvh.
Knut Olav Nestås
Voss Venstre»

Wire

Foto: stock.xchng

Ordføraren ville m. a gje desse innspela vidare til ei gruppe som skal jobbe med utforminga av nettsidene til kommunen. Dette er Voss Venstre godt nøgde med og me er spente på arbeidet som skal gjerast.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**