Om Os Hamn

Først vil eg få takka Tor Inge Døsen for eit grundig og presist formulert tilsvar til innlegget mitt om Os Hamn. Eg utfordra der Os Sjøfront ved Døsen på å vurdera å forlenga den inste og eldste moloen i hamna for å syta for betre hamneforhold i Os Hamn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Døsen svarar greit at han ikkje ser dette som si oppgåve, men viser til Os kommune. Døsen meiner òg at ein lang bølgebrytar i forlenging av moloen på Steinneset vil ha mykje meir for seg, ikkje minst med tanke på vern av Gjestebryggja. Det er eit konstruktivt og kreativt innspel som eg og Os Venstre gjerne tar med oss vidare.

Os

Eg og Døsen er samde om at hamneforholda i elvaosen ikkje er — og aldri har vore gode. Det var då også difor at Os kommunestyre etter lange drøftingar, ikkje minst med staten, fekk igangsett bygging av molo på slutten av 1930-talet. Den vidare historikken kjenner vi begge.

Døsen påpeiker at avgjerdsmynde for hamna no først er overført Os kommune, noko som opnar for nye armslag i reguleringsarbeid. Ja nettopp, det er difor at eg tek opp dette no. For tidlegare var det vanskelegare, om ikkje bortimot umogeleg.

Dinest meiner eg at tilhøva i Os Hamn no er grundig kartlagt gjennom forarbeidet til mudringa som vart gjennomført for nokre år sidan, og ikkje minst i dei grundige analysene av straum- og botntilhøva i indre- og ytre delen av Os Hamn i forkant av handsaminga av Os Sjøfront i Os kommunestyre. Det kan difor godt tenkjast at ein allereie no har tilstrekkeleg kunnskap til å vurdera iverksetjing av ei evt. moloforlenging. Men det får sjølvsagt andre enn meg vurdera.

Men så meiner Døsen at eg indirekte skuldar han og Os Sjøfront for maskepi. Det var uventa tolking. Eg skjønar at Tor Inge Døsen som talsmann for Os Sjøfront vernar om prosjektet sitt, og han er naturlegvis i sin fulle rett til å tolka alle innspel i værste meining. Men i dette tilfellet er det ikkje eg som kastar den ballen inn på banen, det er det Døsen som gjer.

Tvert om, det er nettopp fordi at eg veit at både førebuande prosess og politisk handsaming i dei folkevalde organa i Os har vore så ryddig og korrekt som mogeleg, at eg tillét meg å utfordra Døsen. Alle steinar i saka er som kjent snudde og det ligg ikkje noko under -. Det eg ser for meg er noko i retning Offentleg/Privat Entreprenørskap, utan at eg konkret nemnde dét i innlegget mitt (noko eg kan hende burde gjort?). Det bør det ikkje vanskeleg å få til i en kommune styrt av FrP og Høgre. Tidspunktet er òg gunstig i og med at ein no skal utføra arbeid på moloen og og kaien, og at alle alle føresetnader for ein gongs skuld er på plass og arbeidet har fått grønt ljos av alle styrande organ.

For ordens skuld: Eg har fått mange gode tilbakemeldingar på innlegget mitt, naturlegvis også frå folkevalde i FrP, og det var ingen av dei som tolka det slik at eg skulda Os Sjøfront for maskepi med Os kommune. Eg kan sjølvsagt ikkje ta ansvar for korleis folk tolkar meg eller for kva trur at eg meiner — eg tek ansvar for det eg skriv.

Avslutningsvis konstanterar eg at Tor Inge Døsen ikkje ser det som si oppgåva å gjera noko med gamlemoloen, det var ei nyttig avklaring. Lukke til med vidare framdrift!

Terje Hatvik
Os Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**