Fylkeskommunen sin plan legg stor vekt på å styrke arbeidet mot fråfallet i den vidaregåande skulen, blant anna gjennom styrka rådgjevingsteneste og auka fokus på tilhøva for lærlingar og lærekandidatar, og det er bra, seier Venstre sin gruppeleiar Harald Hove.
Men Hove kunne ynskje seg eit større fokus på ungdomsskulen. Samstundes seier planen sjølv at det er i ungdomsskulen ein finn kjelda til fråfallet. Elevar med dårlege karakterar eller høgt fråvær på ungdomstrinnet er dei som oftast dropper ut av videregåande. Eg vonar at ein i Hordaland kan auke samarbeidet mellom ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, og fylje opp dei svakaste elevane tidlegare.
Stort prosjekt på Austlandet
Fleire kommunar i Akershus gikk i 2006 saman i eit samarbeid mot fråfall i den vidaregåande skulen, mellom anna på Kjelle vgs. Blant dei viktigaste tiltaka var å identifisere fråfallskandidatane allereide på ungdomsskulen, slik at dei kunne møtast med målretta og tilpassa tiltak så snart dei begynte på vidaregåande.
Det er viktig å ikkje stigmatisere elevane, men samstundes må det la seg gjere å ta tak i problema før dei veks seg store. Venstre vil fortsette å kjempe for eit auka samarbeid mellom ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane, og slik også auke samarbeidet mellom kommunane og fylkeskommunen. Fråfall er eit omfattande problem, og det er viktig at me snakkar saman på tvers av forvaltningsnivå, understreker Harald Hove.