TA ANSVAR FOR VETERANANE

Fylkesårsmøtet i Hordaland Venstre vedtok nyleg denne aktuelle fråsegna med tanke på dei som no er eller har vore ute i internasjonale fredsbevarande og/eller i fredsopprettande operasjonar, anten nyleg eller for lenge sidan, uansett om det var for FN eller i NATO-regi:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Norske soldatar som kjem heim frå internasjonale fredsbevarande- og fredsopprettande operasjonar må få tilbod om langt betre oppfølging for å førebyggja/hindra varige stresskadar. Under tenesta i land som til dømes Afghanistan kan norske soldatar i større eller mindre grad koma til å oppleva krigshandlingar, situasjonar ein truleg ikkje kan unngå å bli påverka av.

Norske styresmakter har ansvar for at dei får tilbod om hjelp til å takla det dei har opplevd. Det er styresmaktene som sender soldatar og befal ut i høgrisikoområder og krigssoner på vegner av konge, fedreland og verdsfreden. Då må norske styremakter også syna seg vaksne og ta ansvaret for dei same soldatane og befalet når desse kjem heimatt etter endt teneste.

Alle norske soldatar som kjem heim frå Afghanistan eller tilsvarande høgrisikoområde må få tilbod om oppfølging for å motverka evt. stresslidingar. Dette tilbodet må vera tilgjengeleg over lengre tid. Oppfølginga må skje i nært samarbeid med veteranorganisasjonar, og/eller andre som har førstehands kunnskap om- og kjennskap til soldatane sin situasjon. For mannskap som skal halda fram i ein militær karriere er det ekstra viktig at dei har høve til å oppsøkja kvalifisert hjelp utan å vera redd for at dette vil kunna skada den framtidige karrieren deira i Forsvaret.

Terje Hatvik
Veteran, Nestleiar i Bergen- og
Hordaland FN-Veteranforening

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**