Skal ikkje organisasjonsklimaet i Os kommune undersøkjast?

Våren 2006 vedtok Os kommunestyre samrøystes at revisjonsselskapet KPMG skulle gjennomføra fem prosjekt i forvaltingsrevisjon på vegner av Os kommune. Det vil seia ein djupare og meir nærgåande revisjonskontroll med utvalde deler av den kommunale verksemda- og forvaltninga i Os. Dette for å avdekka den faktiske stoda slik at ein veit kva kan byggja vidare på, kva som bør vrakast, kva som er bra og kva som heilt klart må rettast på. Kontrollutvalet i Os prioriterte fem prosjekt og gjorde framlegg om at desse fem skulle gjennomførast innan 2007. Kommmunestyret gjorde samrøystes vedtak i tråd med tilrådinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Trass i semje må ein konstantera at ikkje alt er gjort. Det skuldast korkje KPMG eller dei folkevalde, men det faktum at det diverre ikkje var avsett nok midlar til gjennomføring av dei vedtekne prosjekta. Prosjekta "Effektiv administrasjon" , bygg- og eigedomsforvalting (av OBE) og "Vindu mot Fjorden" er gjennomførte og resultata presenterte for kommunestyret. Eit svært viktig prosjekt står att, Organisasjonsklimaet i Os kommune. Det prosjektet er diverre ikkje igangsett enno. Dette av di det ikkje er løyvd nok pengar til arbeidet og KPMG ikkje driv dugnadsarbeid -. No er valperioden til det gamle kommunestyret omme og det er berre nitti dagar att av 2007, men — kanskje det nye kommunestyret kan ta fatt i gjenståande arbeid?

Eg meiner det er på høg tid å få klarlagt kva slags organsisasjonsklima Os kommune faktisk har, å få avdekka dei eigentlege tilhøva i kommunen. Det er ikkje lenge sidan kommunen var gjennom ein større omstillingsprosess. Då er det viktig for alle å få klarlagt kva utslag dette gav: Både for dei som sette i gang omstillinga, for dei som på ulikt vis var gjennom prosessen og ikkje minst for oss osingar som betalar for gildet og som får merkja følgjane av det heile.

Fleire har merka seg at den nye rådmannen og avtroppande varaordførar i Os er usamde om korleis det eigentleg står til i Os kommune, og i sommar hadde Bjørn Matland og Halvard Lyssand ein frisk disputt om mykje godt det same. Og no er det på høg tid å undersøkja stoda skikkeleg, slik at luftige påstandar og ukvalifisert synsing etterkvart kan erstattast med verifiserte fakta, slik at me vanleg dødelege kan få veta "ka da e’ di bala på med dar idne"?

Terje Hatvik
Os Venstre
(30. sept 2007)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**