Osing: Du er meir enn ein kunde!

Os kommune er eit utstillingsvindauga, vert det sagt. Eit utstillingsvindauga der vi syner fram alt det fine og fagre i bygda, eit skrytevindu mot omverda — eit utstillingsglas der vi kan stilla ut alt vi er kry av, og seia at: Sånn er det, slik har vi det her i Os. Og det er helt greit ¬— dersom det er slik. Spørsmålet er om dét faktisk er tilfelle.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Osingane er kundar, seier dei som vil at vi skal behandlast som det. Men osingane mykje meir enn det: Ein kvar velgjar er ein bedriftseigar, summen av velgjarane er bedriftsforsamlinga og valdagen er det du og dei andre som med suveren demokratisk rett kan velgja og vraka sitjande styre. Som velgjar og osing er kan du kasta dei styrande om du vil. Men, søk informasjon sjølv før valet, og leit etter dei små, fine detaljane som ofte vert oversett eller utegløymt. Vær aktiv, grav og spør!

Alle seriøse aktørar i næringslivet veit at det må vera samsvar mellom det du byr fram, og det du faktisk har. Det det du hevdar du har må du også ha i røynda — anten i hylla eller på lager. Og det hjelper heller ikkje mykje om det er reint og fint i glaset dersom det er skit under disken, varene har feil og manglar og lokalet er mindre tiltalande. Osing: Det er opp til deg som velgjar å gjera deg opp ei meining om det enkelte vil du skal finna i utstillingsglaset — og det du faktisk finn i butikken.

Dei styrande i Os dei siste åtte åra har omgjort ein heil regnskog til ein stim av fargesprakande brosjyrar som no sprengjer postkassen din. Sjølvsagt finn vi mykje bra der som Osbadet, omsorga for dei eldre og sjuke og omsorga for privat initiativ og privat utbygging, og omsorga for eigedomsmeklarane som truleg har frihamn i Os.

Men kva med alt det som ikkje står der? Som omsorga for rusmisbrukarane og dei huslause, omsorga for alle dei som fell utanfor, omsorga for kulturen og dei skapande menneska, omsorga for skulane som forfell, dei nattsvarte vegljosa, omsorga for dei svært trengande (kvar er toalettet på Osøyro?), omsorga for miljøet vårt, omsorga for det søkjande mennesket, for komande generasjonar? — Kvar finn vi det?

Slike spørsmål bør du som osing stilla deg. Dersom summen av opplysningane du då får er at du ikkje er tent med dei som no rår grunnen, dersom du meiner det er på tide med nye kostar, ¬— ja, så bør du nytta din demokratiske grunnlovsfesta rett og røysta på måndag. Og følgjeleg då på noko anna. Eg seier ikkje at Os Venstre har svar på alle spørsmål. Men nokre av dei har vi.
Osing: om du gjev oss ein sjans, så vil Venstre visa deg kva vi kan få til. Godt val!

Vidsynte vyar
Visjonære valg
— Velg Venstre

Terje Hatvik
Nr. 7 på venstrelisto

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**