Fråsegn frå Os Venstre vedkomande E39 Os — Bergen kategori: Samferdsle

Ny E39 mellom Os og Bergen no!
Os Venstre ser med uro på at den prosjekterte nye stamvegen mellom Os og Bergen , dvs. E-39 parsellen mellom Svegatjørn i Os og Rådalen i Fana med tilknyting til Fritz Riebers veg og Flyplassvegen; no ser ut til å falla ut at Nasjonal Transportplan (NTP) for komande periode:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Os Venstre syner til at kapasiteten på noverande E-39 mellom Os og Bergen i dag er så godt som sprengt og denne parsellen er del av Kyststamvegen mellom Kristiansand i sør og Kristiansund i nord. Parsellen Svegatjørn — Rådal er vesentleg ikkje berre for ein kvart million innbyggjarar på Bergenshalvøya, men også for meir enn 1,5 millionar menneske langs kysten frå Agder til Nordmøre — ikkje minst då for næringslivet.
Denne vegsaka er overmoden. Saka har versert på sakskartet i samtlege kommunestyre i Os kommune dei siste 35 åra, og nesten like lenge i Bergen. Os kommune og osingane var klare for ny veg i 1990, og det er dei enno. Trafikken aukar og folket ventar.
Os Venstre viser til reguleringsplanen for framføring av ny E-39 for nemnde parsell mellom Os og Bergen er vedteken i fleire omgongar på ulike politiske nivå, – både i Bergen bystyre, Os kommunestyre og i Hordaland fylkesting.
Bompengefinansiering av vegen etter delingsmodell 50/50, dvs. halvparten bompengar og halvparten statlege midlar, vart samrøystes vedteke i Os kommunestyre den 18. desember 2007. Bompengeselskapet Bergen-Os Bompengeselskap AS har fått fullmakt til å ta opp lån til å dekkja inn den resterande statlege delen av prosjektkostnaden.
Os Venstre syner likeins til miljøvinsten som ligg i ny stamveg mellom Os og Bergen med kortare køyretid, i tillegg til at ein unngår dagens trafikale kork- og køar og då får ein vesentleg reduksjon i utsleppa av karbonmonoksyd (eksos).
Os Venstre vil understrekja at ny stamveg Os-Bergen ikkje vil vera ein konkurrent til bybanen i Bergen, men eit tenleg og vesentleg supplement til banen. Ein ser for seg at framtidige pendlarar og andre skal kunna setja frå seg bilen i eit høveleg "park and ride"-anlegg i Rådalen og stiga rett over i bybanetoget.
Os Venstre meiner det er heilt maktpåliggjande og koma i gang med bygginga av ny stamveg mellom Os og Bergen seinast i 2010, og oppmodar difor styresmaktene om at prosjektet igjen må inkorporerast i NTP for komande planperiode.

For å få E-39 parsellen mellom Os og Bergen inn att i NTP og for å få fortgang i prosjektet rår Os Venstre til at kommunane Bergen og Os godkjenner auke av bompengefinansieringa til maksimalt 60 prosent om nødvendig. Os Venstre vil samstundes òg rå til at Bergen-Os Bompengeselskap AS utarbeidar overslag på bompengetakstar ved høvesvis 4/7-dels (57,1%) og alternativt 6/10-dels (60%) bompengefinansiering, medrekna- og inkludert rabattar for pendlarar. Miljø- og næringsliv langs vestlandet generelt og på bergenshalvøya spesielt vil tena stort på ferdigstilling av vegen no, – vi har venta lenge nok. Ein stamveg utan parsellen Svegatjørn – Rådalen vil ikkje verta ein fullverdig veg. Og vi fortener ein fullverdig stamveg.

—————————————————————————————————————-

Os Venstre er klår over at fråsegna vert fremja for seint i høve frist for innsending av slikt, men vil be om at fråsegna vert lagt fram for fylkesårsmøtet til vurdering i medhald av vedtektene. Dersom årsmøtet i Hordaland Venstre då godkjenner framsendte fråsegn, vil Os Venstre be om at fråsegna vert oversendt redaksjonsnemnda på fylkesårsmøtet for vidare handsaming.

Vidare, om det vert fleirtal for denne fråsegna på fylkesårsmøtet må ordlyden "Os Venstre" sjølvsagt endrast til "Hordaland Venstre" slik at fråsegna gjenspeglar årsmøtevedtaket.

Os Venstre v/

Terje Hatvik
– skrivar –

Handsaming:
Fylkesårsmøtet i Hordaland Venstre vedtok samrøystes å oversenda denne fråsegna til både fylkesstyret og fylkestingsgruppa i Hordaland for vidare handsaming.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**