Etikk og fondsforvaltning

Som varamann til Kontrollutvalet i Os vil eg med dette be formann i kontrollutvalet, Nils Gunnar Drange, setja følgjande sak på sakskartet til komande utvalsmøte: Tidlegare i år kunne ein lesa i «Os og Fusaposten» at pengane som Os kommune har «sett på bok», dvs. investert i fond, tildels også hadde vore nytta i firma som var knytt til aktivitetar (til dømes innan våpenindustrien) som kan kategoriserast som etisk uheldige, tvilsame eller direkte uetiske.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


No trur eg knappast at Os kommune kan reknast som krigsprofitør, og kommunen har vel ikkje medvite investert i lugubre firma. Men det var no heller ikkje noko å vera kry av -.

Etter kva ein kunne lesa seg til har det meklarfirmaet som Os kommune nyttar no avslutta desse ikkje heilt gunstige kontaktane, og kommunen sine midlar er reinvesterte andre stader, der dei anten aukar eller minkar i verde i tråd med utviklinga på børsane elles. Men, kva garanti har Os og osingane for at dette ikkje skjer fleire gonger? Er det gjort politiske og/eller administrrative tiltak for å hindra repriser? Og kvifor stiller ikkje ordføraren og formannskapet i langt større grad spørsmål med dei disposisjonane som vert gjort i finansmarknaden?

Dette meiner eg at kontrollutvalet i Os bør røkja etter. Osingane har krav på klare svar – ikkje minst når det gjeld korleis pengane deira vert disponert og investert. Kontrollutvalet kan kontrollera alle delar av den kommunale forvaltninga, og eg trur formannen i kontrollutvalet er samd i at dette er trygt innanfor dei gjevne rammene for obligatorisk kontrollverksemd.

Terje Hatvik
Os Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**