Betre samferdsle med Venstre

Som osing og Venstremann er eg mellom dei som gler seg over at E39 mellom Svegatjørn og Rådal endeleg ser ut til å koma på plass om lag førti år etter at prosessen kom i gang. Dette vil vera bra både for miljøet, kommunen, osingane og ikkje minst næringslivet her i kommunen. Ein må vera tungnem for å ikkje å fått med seg at FrP har gjort vegsaka til valkampsak her i kommunen. Men dei aller fleste velgjarane i Os veit sjølvsagt at dette er ei sak som det er breid tverrpolitisk semje om, og som med ujamne mellomrom har vore på sakskartet i samtlege kommunestyre i Os dei siste 30 åra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Næringslivet har all grunn til å helsa vegen velkomen når han kjem, men dei bør samstundes merkja seg følgjande: 1) Dersom ikkje Os FrP hadde trenért heile vegbygginga med innbitt bompengemotstand så kunne denne vegen sannsynlegvis stått ferdig for sju-åtte år sidan, og vi ville alt hatt svært mykje nytte av den nye vegen.

2) Når ny E39 endeleg kjem er dét som resultat av ein lang prosess med solid fagleg planarbeid frå fagfolk i fleire etatar der også samferdsleministrane i ulike regjeringar dei siste ti åra er å takka, eg nemner: Kjell Opseth (A), Odd Einar Dørum (V), Terje Moe Gustavsen (A), Torhild Skogsholm (V) og Liv Signe Navarsete (Sp). I tillegg har mange osingar lansert gode og kreative framlegg til traséval, planløysingar og/eller andre relevante innspel, eg nemner nokre: Jan Gaassand, Lars Søfteland, Jimmy Øvredal, Bjørn Atle Drange, Hans Skogen, Arvid Søvik og mange fleire. Underteikna sitt kompromissframlegg, Midtlinja, lansert i denne avis for 18 år sidan; samsvarar godt med den traséen som vegen no skal følgja mellom Svegatjørn og Rådal.

Parallellt med at E39 no etterkvart kjem på plass, bompengefri vert han ikkje, så må Os kommune laga ’park and ride’ anlegg i tilknyting til vegen. Det er klart at éitt anlegg må koma i Endalausmarkjo, der lysefjordingane skal kopla seg på. I tillegg meiner eg at vi òg må ha eit slikt anlegg i Kolskogen/Svegane. Eg ser gjerne at Os kommune syter for at busselskapet, dvs. Tide (ex. Gaia, ex. FOM) byter lokalitet til noverande Lidl-tomt på Ulven, og at kommunen overtek tomten til bussane og lagar til eit høveleg ’park and ride’anlegg der. Lidl-tomta med påståande bygg er stor nok til både bussane og busselskapet, tomta ligg også gunstig til.

Ei anna sak er at når ein lagar tunellar gjennom fjellet mellom Svegatjørn og Rådal med tilhøyrande kabelgater, ventilasjon m.m., så kan ein òg kopla seg på fjernvarmeanlegget i Rådalen og føra fjernvarme gjennom vegtunellen fram til (i første omgang) industrifeltet i Endalausmarkjo, seinare kan ein laga forgreiningar utover i Os.

Tenk for ein utruleg miljøvinst det vil vera — og for ein kostnadsvinst for dei verksemdene som vil etablera seg der. Haukeland sykehus og andre institusjonar i Bergen får i dag fjernvarme frå Rådalen. Det kan Os òg, dersom vi nyttar høvet samstundes med at nye E39 vert bygd. Venstre vil stå på for dette. Er du samd i to eller fleire av dei momenta eg her har nemnd, så gjev du stemma di til Venstre på mandag. Godt val!

Vidsynte vyar
Visjonære valg
— Velg Venstre

Terje Hatvik
Styremedlem Os Venstre
Nr. 7 på listo

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**