Betre kollektivtilbod med Venstre

Som kjent har Hordaland Venstre har programfesta utviding av bybane, på sikt til Os òg. Dette ligg nokre år fram i tid, tidspunkt- og traséval kjem sjølvsagt an på kva erfaringar ein gjera med den bybanen som no blir bygt. I påvente av dette må difor kollektivtilbodet i Os styrkjast:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


For det første må tilbodet i rushtida betrast kraftig. Det er unødvendig å stå heile bussturen til byn når du betalar for ein sitjeplass (om du ikkje er kraftig solbrent då), så fleire bussar når og der det trengst. I tillegg må det sjølvsagt lagast fleire kollektivfelt.

For det andre: Folk i krinsane tek ikkje bussen fordi han ikkje går når dei treng skyss, og bussane går ikkje fordi det ikkje er passasjerar. Altså treng vi betre tilbod midt i veka, og det er på høg tid å gjera noko med helgene. Laurdagar er det berre tre bussar til Drange og til Strøno, null til Hatvik og Solbjørg. Etter mi meining bør det vera korresponderande buss til samtlege ferjeavganger frå Hatvik. Når vi har Tide på begge sider av fjorden pluss midt i ¬— kva er då eigentleg problemet? Venstre vil jobba for eit utvida busstilbod til alle krinsane, og det skal vera buss til- og frå Solbjørg også på laurdagar.

For det tredje: Minstetaksten innan kommunen bør senkast, frå 23 kroner til 15 kroner. Det, saman med betring av busstilbodet, vil stimulera til yttarlegare bruk av kollektivtransport i Os. Venstre vil auka kollektivtransporten, ikkje minst her i Os. Fleire busspassasjerar gjev mindre ureinande utslepp og eit betre miljø.

I tillegg til det eg sa om Hatvikferja vil eg nemna ei ny rute som er fullt mogeleg no når vi har Tide i alle endar og på begge sider av kommunegrensene: Nemleg Osøyro — Solbjørg — Hisdal — Indre Arna — Nesttun — Osøyro; sjølvsagt også i motsett retning. Det må då vera mykje meir meining i den ruta enn slik det er no, at to bussar frå same selskapet køyrar frå høvesvis Osøyro og Tysse fram til kommunegrensa mellom Os og Samnanger, snur og returnerer i same retning. Kreativ nytenking innan samferdslesektoren, det er tingen -. Er du samd i to eller fleire av dei momenta eg her har nemnd, så gjev du stemma di til Venstre på mandag. Godt val!

Vidsynte vyar
Visjonære valg
— Velg Venstre

Terje Hatvik
Styremedlem Os Venstre
Nr. 7 på listo

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**