Uttalelse: Sett krav til oljenæringa

Oljekatastrofen på Deepwater Horizon må få konsekvensar for aktørar som utvinn olje på norsk sokkel. Venstre krev at det ikkje vert utdelt nye leitekonsensjonar før vi veit kva det var som skjedde i Mexicogolfen. Vidare må det utarbeidas ein forpliktande plan for å styrke oljeberedskapen langs norskekysten, og det må stilast krav til oljenæringa i Noreg om at dei må satse på oljeredningsteknologi før dei får bore i nye felt på djupt vatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Oljeutsleppet i Mexicogolfen viste kor dårleg førebudd oljenæringa er på utslepp på djupt vatn, og kor fatale konsekvensar slike utslepp får for miljø og dyreliv. Tusenvis av dyr har mista livet som ein direkte konsekvens av oljesølet, eit oljesøl som stadig spreier seg lengre og lengre ut over den amerikanske kysten. Samstundes står både den amerikanske regjeringa og oljeselskapet BP hjelpelause tilbake og slit med å gjere noko som helst. Oljenæringa har i lange tider nedprioritert teknologi for å stoppe oljelekkasjar på djupt vatn. No ser vi resultatet av det, nemleg at når uhellet først er ute har vi lite å stille opp med. Som ein av dei største produsentane av olje frå djupt vatn, har Noreg eit spesielt ansvar for å satse på teknologi som kan gjere oss betre førebudd på å takle slike utslepp i framtida på ei betre måte.

Sårbar kyst
På norskekysten har vi nokon av dei største produksjonane av offshore olje, samstundes finn vi nokon av dei mest sårbare områda i Europa. Når vi ser dei forferdelege konsekvensene oljeutslepp på djupt vatn får på natur- og dyreliv i Mexicogolfen, er det openbert at vi ikkje har råd til å risikere oljesøl på vår eigen kyst. Grunna den relativt låge hyppigheita til oljeutslepp på djupt vatn, har marknadsmekanismar vist seg å ikkje være tilstrekkelige til å gje incentiv for å utvikle teknologi for å stoppe oljeutslepp på djupt vatn. Difor vil Venstre opprette eit statlig organisert initiativ for å satse på slik teknologi, og kreve at dei aktørane som skal operere på norsk sokkel må bidra til initiativet både med kunnskap og økonomiske midlar.

Tryggleik
Venstre meiner at det uhøyrt at oljenæringa skal få halde fram etter Deepwater-ulukka utan at det satsast meir på tryggleik og beringsteknologi. Den sårbare kysten vår er noko av det finaste vi har, og vi har ikkje råd til å risikere at vi ikkje er førebudde viss ei oljeulykke skal true den. Dei mest sårbare områda på norsk sokkel, som områda rundt Lofoten, Vesterålen og Møreblokkene, må sikrast for all risiko gjennom vern.

Venstre vil:
At det ikkje vert utdelt fleire nye leitekonsensjonar før konsekvensane av Deepwater-ulukka er granska og det vert stilt strengare krav til oljenæringa om tryggleik og teknologisatsing.
Stille krav til at aktørar som opererer på norsk sokkel skal bidra til eit statleg organisert initiativ for å auke satsinga på teknologi for å stoppe oljeutslepp på djupt vatn.
At det vert utarbeida ein forpliktande plan for å styrke oljeberedskapen langs norskekysten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**