Uttalelse: Ja til sjøkabel i Hardanger

Venstres landsstyre meiner det er avgjerande å slå ring om eit naturlandskap som er unikt i verdssamanheng, og stiller seg heilhjarta bak Hardanger og Hordaland sitt unisone nei til den planlagde kraftlinja i luftspenn mellom Sima og Samnanger. Venstre krev at ministeren tek klagen til følge.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Spørsmålet om nye kraftlinjer i Hardanger handlar om miljøvern. Men det handlar også om respekt for det lokale folkestyret. Eit samla politisk miljø i Hordaland har sagt klart frå at dei ikkje ynskjer den planlagde kraftlinja, og motstanden i lokalbefolkninga er massiv. Dette folkelege engasjementet fell likevel for døve øyrer i regjeringsapparatet, og hardingane har måtte leve i uvisse gjennom heile det raudgrøne styret.

Manglanda uavhengighet
Venstres landsstyre ser det også som særs problematisk at staten har sete ved absolutt alle sider av bordet i denne saka. Det er vanskeleg å ha tiltru til ei objektiv og reell klagehandsaming så lenge Olje- og energidepartementet, som er klageinstans i saka, også er eigar av utbyggjaren Statnett. Venstre er uroa over manglande uavhengighet og kompetanse i departementet som skal sikre den politiske styringa av energiområdet. Når NVE samstundes har til oppgåve å rådgje både departementet og Statnett, vert samrøret totalt.

Miljøvenlege alternativ
Forsynings- og beredskapssituasjonen i Bergensområdet må sikrast. Venstres landsstyre meiner planane om ei ny kraftlinje i luftspenn må leggjast på is, og at andre og meir miljøvenlege alternativ må vurderast, mellom anna sjøkabel. Det fortener miljøet, og det fortener befolkninga i Hardanger.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**