Pr 11/6 har Venstre 7215 betalande medlemmar mot 6181 i fjor. Venstres organisasjon er i vekst for sjuande året på rad og skil seg såleis frå alle dei andre partia.
Lokalpolitisk nettverk har vore gjennomført med suksess over heile landet i mai. Samlingane har vist stor entusiasme i organisasjonen. Frammøtet kunne nok ha vore betre, men sett i høve til at møta har vore i mai, har det vore OK. Det bør likevel bli betre framover, og særleg viktig er det at lokallaga møter med minst ein representant våren 2011. VHO legg opp til å styrke tilskotet til lokalpolitisk nettverk i 2011, slik at lokallaga skal betale mindre.
Snitt på meiningsmålingane i mai var 4,1. Det er bra, men kan bli mykje betre!