Landsstyremøte i Venstre i helga

Frå fredag 11 til søndag 13 juni er det landsstyremøte i Venstre. Det er tradisjon for at junimøtet blir halde utanfor Oslo og i år er det i Ullensvang i Hardanger. Mange viktige saker skal opp på møtet. Leiars tale er fast post på programmet og i helga er det første gong Trine held leiartalen til landstyret!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Trine Skei Grande på talerstolen under Venstres landsmøte 2010.

Foto: Daniel Rugaas

På landsstyremøtet denne gang blir det elles stort fokus på listestilling over heile landet. Alle fylka har meldt inn oversiktar over krleis situasjonen er i deira fylke.

Ein anna sak er fornying av åremålet til generalsekretær Terje Breivik. Åremålet er for 2 år. Terje har sagt seg villig til ein ny periode og sentralstyret har innstilt på at han held fram. Det er bra!

Elles kan ein merke seg at det er litt utskiftingar i administrasjonen i VHO. Rita Sletner har vore i fylket vårt mange gonger, men ho slutta i stillinga som assisterande generalsekretær 1. mai. Vi ønskjer henne lykke til vidare i ny jobb! Det er no utlyst to ledige stillingar i VHO. Nokon frå Møre og Romsdal som vil søke? Då må ein skunda seg, fristen er 10. juni!

Andre saker er mellom anna drøfting av landsmøtetema 2011 “Verdiskaping for framtidig velferd”, handlingsplan for Venstre og årsmøte i Venstres opplysningsfond.

Fylkesleiar Jens Johan Hyvik (mob 90899194) møter på landsstyremøtet frå Møre og Romsdal Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**