etter at vi som folkevalte dessverre hadde stemt ned forslag frå administrasjonen om å flytte bebuarar til meir eigna stadar. Vi som var på Natvig møtte buforhold som vi ikkje likte. Vi var flaue og lei oss. Det gjekk sterkt inn på oss å snakke med skuffa borgarar som hadde venta at vi som folkevalte skulle ha ordna opp, slik fagfolka våre hadde foreslått.
Men nå har administrasjonen funne løysingane. Noen har fått flytte til nytt bufellesskap på Myra, der også noen som har budd heime fram til nå har fått plass. Dei utviklingshemma er strålande nøgde, og endeleg har dei fått bu som dei fortener. I Heimdalsveien 6 blir nedslitte bygg erstatta med nybygg i løpet av nærmaste året.
Det er heilt konkrete planar på gang også for fleire av bebuarane våre, fleire av dei blant dei som verkeleg treng at samfunnet stiller opp for dei. Også ved Madshaven og andre bufellesskap blir det planlagt utviding og betre forhold. Det blir også planlagt nye bufellesskap for ungdommar som nærmar seg den alderen der dei kan flytt for seg sjølve. Vidare er det arbeid på gang for eit nytt bufellesskap for menneske med autisme, og eit bufellesskap som kan erstatte Rannekleiv som også er nedslitt.
Som folkevalt i Arendal er eg stolt over at vi har fagfolk som stiller opp, og finn gode og framtidsretta løysingar for dei som treng det aller mest.
Dagen i dag bli derfor ein gledens dag for oss som er opptatte av at fellesskapet skal stille skikkeleg opp for dei svakaste i samfunnet vårt. Kjære fagfolk, – takk for godt arbeid! Kjære beburarar, – lykke til i nye og betre leiligheiter!
Jan Kløvstad,
gruppeleiar i Venstre og medlem i helse- og omsorgskomiteen