Vil peresse på for ubåtheving

Etter initiativ frå Venstre kjem fylkestinget til å reise nytt press for å få fjerna det kvikksølvhaldige ubåtvraket ved Fedje. Fylkestinget vedtok i dag ei fråsegn til Stortinget om at u — båt vraket ved Fedje snarast må hevast. Samstundes vert det presisert at hevinga må utførast på ein trygg og kostnadseffektiv måte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Vakampturne i Sogn og Fjordane

Dette er fråsegna:
Fylkestinget i Sogn og Fjordane syner til at Stortinget i vår med knapt fleirtal har vedteke førebels å stogge hevinga av den forliste u – båten ved Fedje.

Bakgrunnen for utsettinga er uvisse knytt til hevinga. Fylkestinget er samd i at alle sider ved tryggleiken må vere forsvarleg avklåra. Hevinga må gjennomførast med grunnlag i sikre vurderingar av tryggleiken og med grunnlag i pålitelege berekningar av kostnadane med hevinga.

Kvikksølv er mellom dei aller farlegaste miljøgiftene og er ein stor trussel for menneske og miljø. Difor er vraket av U-864 ei miljøutfordring som må handterast på ein slik måte at det gjev tryggleik i dag og i all framtid. Omdømmet til Noreg som miljønasjon og fiskerinasjon er avhengig av at u – båt vraket vert handtert slik at ein ikkje får ureining og store skader på miljø og fiskeriressursane.
Hevinga må difor gjennomførast snarleg, men på ein trygg og kostnadseffektiv måte.
Det må løyvast tilstrekkeleg midlar slik at denne store miljøtrusselen vert fjerna.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**