Os Sjøfront

Spanderer du lenger molo i hamna, Døsen?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Moloen juni 2010

Foto:

Som dei fleste nok har fått med seg er dei store byggjeprosjekta på Mobergsneset i Os hamn, Oseana og Os Sjøfront, i ferd med å drastisk endra utsjånaden på Os sitt andletet mot Bjørnafjorden. Det biletet som møter ein når ein kjem sjøvegen inn til Osøyro vil for all framtis vera eit anna enn det var før.

Dette er "face-lift" i megaklassen, der peelinga vert utført med dynamitt i staden for skalpell, og betongen er anleggsverda sitt svar på Botox. Så får vi alle vona at det sluttresultatet står i samsvar med forventninga til vedkomande som underkasta seg behandlinga, i dette høvet Osbygdo.

For Os er vel som kvinner flest oppteken av å ta seg godt ut, og ho nok stort håp og mange tankar om korleis ho skal sjå ut etter at byggjeprosjekta er sluttførte. Og dersom ho er missnøgd med resultatet så har ho sikkert ikkje tenkt å teia still -.

Oseana juni 2010

Foto:

Når det gjeld realiseringa Os kunst- og kultursenter (Oseana) så er det eit tiltak som eg varmt støttar. Eg vil her kort nemna at eg var ein av dei aller første som føreslo å leggja dette til Mobergsneset, jfr. innlegg i "Os og Fusaposten" av 8. juni 2006; men sjølvsagt utan at eg tok stilling til utsjånad-, storleik- eller finansiering.

Os Sjøfront er ein annan skål: Eg konstanterer at det politiske fleirtalet i Os kommunestyre ikkje var viljuge til senka høgda på dei inste bustadblokkene med éin etasje og heller ikkje ville endra storleiken på annan måte. Så då blir dei nok oppførte i den fasongen og den storleiken som fleirtalet i Os kommunestyre sa Ja til.

Men eg vil seia litt om moloane: Den nye, lange (ytste) moloen, på folkemunne døypt "Vinnesvegen" skal, etter kva Tor-Inge Døsen fortel oss, vinklast innover i retning Oselvo i lengd av 40 — 50 meter for å skjerma den nye båthamna ved Os Sjøfront. Det er eit både vétigt og heilt nødvendig tiltak som har min fulle tilslutnad. Etter kva eg skjønar er det vanskeleg å forlenga denne moloen ut i fjorden pga. brådjupna. Og det aksepterer eg.

Men kva då med den gamle, korte (inste) moloen på Os? Den kan då forlengast? For problemet med Os hamn og elvaosen er ikkje at det er for djupt, men tvert imot for grunt — til stor fortviling for båtfolket. Difor vart då også inste delen av hamnebassenget mudra opp for nokre år sidan. Når det gjeld forlenging av gamle-moloen så er det altså ikkje djupna det står på -.

Etter mi meining både kan — og bør — denne inste moloen forlengast med åtte – tolv meter for å betra skjerminga av gjestebryggja, som diverre ligg unødig utsett til for vér og vind. Og det synest eg Døsen bør gå i gang med. For når det no likevel skal arbeidast med moloen og den gamle kommunekaien, så er dette definitivt rette tidspunkt til å ta fatt i forlengingsarbeid.

Alle som bur på eller rundt Osøyro veit kor vérhardt det er når det stormar og véret står rett på vintersdagen. Os er inga god hamn frå naturen si side, difor treng ein moloar til å skjerma og verna hamn og bryggjer.

Det er berre to år sidan ein storm tok ein solid jafs av gjestebryggja. Ingen av oss kan vita når det skjer igjen. Vi veit berre at så lenge det ikkje finst molo som vernar i alle høve delar av gjestebryggja, så kjem dette til å skje igjen. Om att og om att -.

Det er difor eg bed Tor-Inge Døsen om å syta for at den flotte gamle moloen vert forlengd med yttarlegare 8-12 meter, for det vil òg vera i Os Sjøfront sin interesse. For det er vel ingen som ser seg tent med ei gjesteryggje som for all framtid er prisgitt vérgudane?

Avslutningsvis vil eg berre nemna at når Os kommune har synt seg så hjelpsame, velviljuge og imøtekomande mot Os Sjøfront som det dei har, så bør Døsen òg vera såpass imøtekomande at han spanderer litt meir molo på oss. Alt sett under eitt synest eg slettes ikkje at dét er urimeleg.

Terje Hatvik
Os Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**