Miljøverndagen og Naturmangfaldåret 2010

5 juni er verdas miljøverndag, mens FN har valt 2010 som Det internasjonale naturmangfaldåret. Korleis kan vi her i Sogn og Fjordane gjer vår del for å sikre at vi tek vare på miljøet og naturmangfaldet?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Marit Barsnes Krogsæter

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

FN sitt internasjonale naturmangfaldår er ei oppfordring til oss alle om å handle. Året er også ei hylling til mangfaldet og eit høve til å sette søkelyset på det mest verdifulle vi har – livet på jorda.

Naturmangfaldet har avgjerande betyding for oss menneske, men går tapt i eit stadig raskare tempo. Menneskeleg aktivitet står for ca.99 % av tapet. At vi tek i bruk stadig meir areal er ei av dei viktigaste einskilde årsakene til at vi utryddar arter. Dette gjer at vi er i ferd med å endre økosystema raskare enn vi nokon gong har gjort, utan at kjenner konsekvensane for vår og andre arter sin mogelegheit til å overleve.

Venstre meiner det må rettast større merksemd mot spreiing av "framande arter" i tradisjonelle økosystem fordi dei oftast er ein fare for biomangfaldet ved at dei utkonkurrer eller ikkje har naturlege fiendar i desse økosystema.

Vi kan blant anna la være å plante granskog på kysten. Gran er ein " framand art " på kysten vår. Ikkje berre fortrenger grana den naturlege skogen som veks her, men vi øydelegger dei flotte økosystema som er ute på kysten. Det er ingen vekst under ein granskog, så her er det mange arter som kan forsvinne.

Ved Vevring er det søkt om å få dumpe enorme mengder finknust steinmasse i fjorden. Heller ikkje her veit vi kva det har å seie for økosystema i fjorden. Venstre ønskjer at vi skal nytte føre-varprinsippet. Difor må miljøkonsekvensane greiast ut på skikkeleg vis før det vert teke avgjerder som kan få dramatiske konsekvensar for miljøet. Vi ønskjer og at alternative løysingar for desse massane, som ein veit ikkje er øydeleggande for miljøet, må takast med i vurderingane når konsesjon eventuelt skal gjevast.

Venstre legg til grunn at forskinga vår på naturen framleis er mangelfull, men vår kunnskap bør likevel være god nok til at vi veit når vi skal stoppe opp slik at vi tek betre avgjerder når det gjeld bevaring og fornuftig bruk av naturen. Naturmangfaldet vil i stor grad vere avhengig av korleis vi menneska brukar naturen i våre ulike gjeremål. Legg vi oss det på minnet kan kvar og ein av oss medverke til ein rikare kvardag for alle.

Venstre Sogn og Fjordane
Marit Barsnes Krogsæter

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**