Tullprat i sjukehusstyret om kompetanse og sørlandsk geografi

GE Healthcare ser ingen problemer med å finne kompetente, kunnskapsrike og velutdanna medarbeidarar. 18 % av dei nesten 350 medarbeidarane våre har høgskole- eller universitetsutdanning, fortalte leiinga på GE Healthcare i Lindesnes da Venstre var på bedriftsbesøk der nå i mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Alcoa Lista er ein annan av mange bedrifter i vest med høgt kvalifisert personale.

Noen dagar etter var eg observatør for bystyret i Arendal i styremøte i Sørlandets sykehus. Der stod flytting av AMK-sentralen på dagorden, noe underleg utfrå funksjonsdelingsavtalen i 2003. Eit vesentleg argument, ikkje minst frå folk som arbeider i AMK eller bur i Kristiansandsområdet, var at det er for få folk i Arendal til at det kan vere kompetanse nok til å bemanne ein AMK-sentral.

I Arendal-Grimstad har vi Sevan Marine, skipsassuranseselskapet Gard, Havforskingsinstituttet, Kystverket, universitetskampus, FN-kontoret GRID Arendal, noen av Norges beste rederier, APL, ja eit heilt sjukehus med opptil fleire menneske med mange års utdanning. Pluss mykje meir.
Med respekt å melde: det er tullprat at ikkje eit område med 70-80 000 menneske innan 25 minutts køyreavstand kan skaffe fram nok kompetanse til å drive ein AMK-sentral. Dei nemnte arbeidsplassanse burde vere bevis på det.

Men da eg sat på tilhøyrarbenken i sjukehusstyret blei eg kontakta av folk som i fullt alvor forsøkte å forklare meg at det er eit faktum at vi må ha AMK-sentralen nær Kristiansand for å sikre kompetanse. Det var også eit tungtvegande argument frå fleire styremedlemer, som lot seg dupere.
Eg stoler meir på vurderingane og erfaringane i GE Healthcare i Lindesnes og dei framgangsrike kunnskapsbedriftene i Arendal-Grimstad. For oss som kjempar hardt for eit samla og slagkraftig Agder, i eitt demokratisk og samla fylke, er det synd å sjå slikt trongsyn og manglande kunnskap om den høge kompetanse utanfor Knutepunkt Sør.

Frå før er karkirurgien flytta frå Arendal til Kristiansand. Førte det til betre kompetanse og meir sikker langsiktig drift av tilbodet?

Den nye E18 har to køyrebaner i begge retningar. Det nye busstilbodet gir 65 minutts reisetid Arendal-Kristiansand, og faktisk nøyaktig same reisetid frå Kristiansand til Arendal. Med bil kan det gå enda fortare.

Jan Kløvstad
Leiar i Arendal Venstre, fylkessekretær i Agder Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**