VEDTEKTER
ØRSKOG VENSTRE
Utarbeidd på grunnlag av Venstre sine mønstervedtekter for lokallag.
§ 1. FORMÅL
Ørskog Venstre har til formål å arbeide aktivt for Venstre si sak i Ørskog kommune i samsvar med Venstre sine hovudvedtekter og Venstre sitt program.
§ 2. MEDLEMSKAP
Personar over 15 år som deler Venstre sitt grunnsyn kan bli medlemmer i laget dersom dei ikkje er medlem i eit anna politisk parti. Berre dei som har betalt kontingenten innan 31. desember, kan reknast som medlem det året.
Laget kan fastsette redusert kontingent for ektefeller som begge er medlemmer av laget. Kontingenten må likevel ikkje setjast lågare enn den kontingent laget skal betale til Hovedorganisasjonen og fylkeslaget.
§ 3. ORGANISASJON
Ørskog Venstre er innmeldt i Møre og Romsdal Venstre og Venstre. Ved lokal kontingentinnkrevjing skal laget innan utgangen av januar betale til Venstres Hovudorganisasjon den kontingent pr. medlem som er fastsatt av fylkesårsmøtet og landsmøtet. Hovedorganisasjonen fordeler fylkeslaget og lokallaget sin kontingent til desse. Årsmelding med regnskapssamandrag frå verksemda siste året (kalenderåret) og medlemsliste skal sendast fylkeslaget og Venstres Hovudorganisasjon innan utgangen av januar.
Laget sine sentrale organ er årsmøtet og styret.
For å fremje likestilling mellom kvinner og menn i politisk arbeid, skal begge kjønn som ein hovudregel vere representert med minst 40 prosent i lokallaget sitt styre, utvalg og komitéar. Regelen gjeld også i samband med valg av delegasjonar til fylkesårsmøtet.
§ 4. ÅRSMØTET
a) Kompetanse og samansetjing. Årsmøtet er laget sitt høgste organ/mynde. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av januar. Fylkesstyret kan etter søknad dispensere frå dette punktet Medlemmene vert innkalla til årsmøtet med minst to vekes varsel.
Konstituering. Under konstitueringa vert møtet leia av leiar i laget.
Møtet oppnemner 1) møteleiar, 2) minst ein sekretær som fører møteprotokollen, 3) eit teljekorps, 4) redaksjonsnemnd og 5) to personar til å underskrive protokollen.
b) Arbeidsoppgåver. Alle ordinære årsmøte skal:
1. Handsame framlegg til årsmelding og rekneskap.
2. Fastsetje laget sin kontingent for komande år.
3.Velje leiar, nestleiar, kasserar, sekretær, styremedlem og 3 varamedlemmer til styret for neste år.
4. Velge to personar som ikkje er medlemmer eller varamedlemmer til styret til å stå for revisjon av laget sitt rekneskap.
5. Handsame innsendte framlegg.
6. Velje utsendingar til fylkesårsmøtet.
Utsendingane skal ha fullmakter underskreve av leiar og sekretær i lokallaget.
c) VO-utvalg. Styret fungerer som VO-utval
d) Avstemmingsreglar. Møtelederen fremjer forslag om avstemmingsmåten, men valg skal gjerast skriftleg om nokon krev det. Vedtak i andre saker enn dei som vedkjem vedtektsendringar vert gjort med vanleg fleirtall. Dersom stemmetala for og mot vedtak er like, fell forslaget. Ved valg av leiar vert kravd over halvparten av dei avgitte stemmer. Oppnår ein ikkje det ved første votering, skal det vere bunde omvalg mellom dei to som har fått flest stemmer. Dersom det er stemmelikheit ved andre valg, skal det foretakast loddtrekning. Stemmesedlar ved valg skal innehalde antall navn som tilsvarer antall personar som skal veljast. I Venstre er det ikkje høve til å stemme som fullmektig for ein ikkje-møtande, men stemmeberettiga, delegat/utsending.
e) Ekstraordinære årsmøte. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret vedtek det eller når minst ein tredel av medlemmene skriftleg krev det. Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame den eller dei saker som er med i innkalling til møtet, og innkalling skal skje med minst ei vekes varsel.
f) Protokollar. Protokoll for lokallagsårsmøtet vert sendt til lokallagsmedlemmene og fylkeslaget.
g) Ein medlem kan berre vere med å handsame og stemme over same sak i eitt lokallag (og tilsvarende fylkeslag).
§ 5. STYRET
a) Kompetanse. Styret leier laget si verksemd mellom årsmøta i samsvar med dei vedtak som blir gjort av årsmøtet. Styret kjem saman når leiar kallar inn til møte, eller når 1/3 av styret bed leiar om å kalle inn til møte. Styret er vedtaksført når minst halvparten, mellom dei leiaren eller nestleiaren, er til stades. Styret pliktar å følgje opp vedtektene, arbeidsoppgåver og retningslinjer og fordele ansvar deretter.
b) Samansetjing: Styret er sett saman av dei årsmøtevalgte medlemmer.
c) Arbeidsoppgåver. Styret har ansvaret for at det blir drive eit effektivt arbeid i laget. Det skal ha som særleg oppgåve å sørgje for eit godt samarbeid mellom kommunestyregruppa og laget, å drive kontinuerleg vervearbeid og gjennom opplysning å bidra til å vekkje interessa for samfunnsspørsmål. Styret skal med jamne mellomrom, anten ved møte eller gjennom rundskriv, informere medlemmene om si verksemd. Styret kan oppnemne dei nødvendige utvalg til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver.
d) Særlege oppgåver i kommunevalgår. I god tid før kommunestyrevalget skal styret oppnemne ei programnemnd som lagar utkast til kommunestyrevalgprogram. Programmet vert vedteke av eit medlemsmøte som vert innkalla skriftleg med 14 dagars varsel. Stemmerett på møtet har medlemmene av Venstre sin organisasjon i kommunen. Styret legg på eit medlemsmøte fram til handsaming og godkjenning ein politisk, organisasjonsmessig og økonomisk plan for laget sitt arbeid fram til valget.
e) Nominasjon. Styret førebur nominasjonen og vel nominasjonsnemnd. Alle medlemmer vert innkalla skriftleg til nominasjonsmøte med 14 dagars varsel. Valglista vert sett opp på nominasjonsmøtet. Stemmerett på møtet har medlemmene av Venstre sin organisasjon i kommunen. Avstemming skjer etter same reglar som for årsmøtet.
f) Valg av utsendingar til fylkeslaget sitt nominasjonsmøte. Valg av utsendingar skjer på lokalt medlems- eller årsmøte som vert kalla inn med 14 dagers varsel gjennom skriftleg invitasjon til alle medlemmer i lokallaget. Stemmerett på dette møtet har alle medlemmer av lokallaget i kommunen. Jf. mønstervedtekter for fylkeslag § 7
g) Særlege arbeidsoppgåver i stortingsvalgår.
I stortingsvalgår legg styret i god tid fram for eit medlemsmøte ein politisk, organisatorisk og økonomisk plan for laget sitt arbeid fram til valget. Utsendingar til partiet sitt nominasjonsmøte i fylket vert valgt på eit medlemsmøte som vert innkalla med to vekes varsel. På dette møtet diskuterer ein også kandidatar isamband med nominasjonen. På eit medlemsmøte skal forslag til valgprogram handsamast.
§ 6. SAMARBEIDET MELLOM LAGET
OG KOMMUNESTYREGRUPPA
Leiaren i Venstre si kommunestyregruppe skal halde lagsleiaren informert om møta og dei viktigaste sakene i kommunestyret. Føre kvart møte i kommunestyret vert det kalla inn til møte mellom lagsmedlemmene og kommunestyregruppa eller mellom laget sitt styre og kommunestyregruppa. På desse møta skal drøftast alle viktige saker som vedgår kommunestyregruppa og lagstyret sitt arbeid. Møta vert kalla inn av leiaren av kommunestyregruppa i samarbeid med laget sin leiar. Leiaren av kommunestyregruppa leier møta.
Kommuneadministrasjonens og formannskapet sitt framlegg til budsjett vert drøfta på eit medlemsmøte der kommunestyrerepresentantane er til stades. På eige møte mellom gruppa og styret vert diskutert valg av ordførar, varaordførar, formannskap, representantar til fylkestinget og medlemmer til dei viktigaste kommunale styre, råd og utval.
§ 7. ENDRINGAR I VEDTEKTENE
Årsmøtet kan endre desse vedtektene når minst to tredeler stemmer for det. Forslag til endringar må vere utsendt til medlemmene minst ein månad før årsmøtet. Endringar av vedtektene skal godkjennast av fylkesstyret. Eit eventuelt avslag på godkjenning i fylkesstyret kan klagast til sentralstyret.
§ 8. OPPLØYSING AV LAGET
Framlegg om oppløysning av laget må handsamast på årsmøtet. Blir framlegget vedteke med 2/3 fleirtall, skal det sendast fylkesstyret til uttale. Endeleg vedtak om oppløysing av laget må, for å vere gyldig, vedtakast med 2/3 flertall på neste årsmøte. Dersom eit lag vert oppløyst, skal laget sine midlar, arkiv o.a. overførast til næraste organisasjonsledd. Alle verdiar skal stå urørt i 5 år i tilfelle laget blir danna på nytt. Dersom nytt lag ikkje vert skipa, vedtek fylkesstyret korleis midlane skal nyttast. Dersom eit lag er utan verksemd over meir enn eitt år, f.eks. fordi leiar ikkje kallar inn til møte/årsmøte, kan fylkeslaget/Venstres Hovedorganisasjon konstituere nytt styre, eventuelt oppløyse laget.
Vedtekter Ørskog Venstre vedtekne på laget sitt årsmøte 18.01.2010.