Spørsmål til ordførar

Ørskog Venstre ber om avklaring vedr. nytt bygg til Hestesenteret.
Det vart og bedt om ei orientering vedr. Kulturskulen, noko som vart gjeve av rektor.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


SPØRSMÅL

KOMMUNESTYREMØTET 4. MARS 2010

TIL ORDFØRAR

FRÅ RAGNAR BAKKEN

1.HESTESENTER — EVNT OMREGULERING I OMRÅDET

Prestegardsløa brende forei tid tilbake.
Hestesenteret er i mellombelse lokale.
Korleis står saka med å få avklart kvar og når hestesenteret kan få byggje nytt?
Vil spørsmålet om event ny tomt/nytt område verte vurdert i samband med oppattbygginga?
Kan det vere aktuelt å sjå på ei mulig omregulering av dette området på Prestegarden?

2. KULTURSKULEN — FRAMTIDA — VIDARE UTVIKLING

Kulturskuletilboda i kommunane skal prioriterast med plass til alle som ønskjer det — jf sentrale signal.
Det har vore brei semje om kulturskulen i Ørskog sidan opprettinga i 1994.
Vi har i det aller siste motteke klare signal frå Ørskog kulturskule om at skulen av økonomiske og rommessige årsaker står i fare for å trappe ned.
Elevar står på venteliste.
Kan ordførar gje si vurdering av situasjonen?
Kan ordførar ta initiativ til at kommunestyret får ei relativt fyldig orientering om situasjonen på eit av dei første kommunestyremøta?
Eg føreset at rektor ved skulen kan ta del med orienterin.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**