Fryktar for sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane

Dersom vi ikkje i fellesskap kjempar for å ha fullverdige lokalsjukehus i Lærdal og på Eid, og eit sterkt sentralsjukehus i Førde, fryktar eg at vi til slutt sit att med eit lokalsjukehustilbod i Førde, seier fylkesleiar Marit Barsnes Krogsæter i Sogn og Fjordane Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Marit Barsnes Krogsæter

Marit Barsnes Krogsæter

Etter at AP/H/Frp overførte ansvaret for sjukehustilbodet frå fylkeskommunen til staten, forserer no den raudgrøne regjeringa sniknedlegginga av lokalsjukehusa, meiner fylkesleiaren.

Regjeringa nektar å definere innhaldet i lokalsjukehusa slik Venstre gjorde i 2005. Heller ikkje no vil statsråden sei kva tilbod som skal vere på Eid og i Lærdal. – Utan ei avklaring på innhaldet i sjukehusa er eg uroa for kva regjeringa finn på, seier fylkesleiaren. Signala er at fødetilbodet på lokalsjukehusa forsvinn fort. Deretter blir det medisinske og kirurgiske tilbodet redusert før lokalsjukehusa vert fjerna fordi akuttberedskapen vert for dyr.

– Skal vi lukkast må vi stå i mot splitt- og herskstrategien regjeringa legg opp til, og som styret i helseføretaket set ut i livet. Berre då kan vi oppnå trygge og gode helsetilbod nærast folk i fylket der vi også i framtida kan ha spesialistfunksjonane, t.d. innan øyre/nase/hals, auge etc., avsluttar Krogsæter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**