Framlegg til kandidatar til Venstre si liste til Fylkestingvalet 2011

Sogn og Fjordane Venstre si nominasjonsnemnd inviterer alle lag og medlemmer til å koma med framlegg til kandidatar til Venstre si liste til Fylkestingvalet 2011. Frist for å sende inn framlegg er 5. juni 2010.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

 Svenn Øvrebø, leiar i nominasjonsnemnda

Svenn Øvrebø, leiar i nominasjonsnemnda

Framlegg sendast til fylkessekretær Linda Ness Rotihaug på e-post. Dersom det vert send pr. post: Sogn og Fjordane Venstre v/Linda Ness Rotihaug, Nes, 6980 Askvoll.

Vi ber også om at kvart lag oppgir ein kontaktperson med adresse, e-postadresse og telefonnr.

Nominasjonsnemnda består av medlemmene som de finn i vedlegg til dette brevet. Nemnda vil arbeide etter planen som de også finn i vedlegget. Framdrifta for nominasjonsarbeidet er stram og vi håpar difor at lokallaga legg opp møter i høve planen slik at de kan handsame saker i tide til å få sendt dei inn til fristane.

Ved tidlegare høve har nominasjonsnemnda fått spørsmål om lista frå førre val. Denne ligg difor vedlagt til orientering.

Eit lokallag kan støtte kandidatar som blir foreslått frå andre kommunar. Vi ber også om at laga spesielt vurder unge kandidatar.

Nominasjonsnemnda legg følgjande punkt til grunn for nominasjonsarbeidet og føreset at dei som sender inn framlegg til kandidatar følgjer desse ved å orientere og spørje aktuelle kandidatar om dei aksepterer føresetnadene.

Nominasjonsnemnda må spørje alle dei føreslåtte kandidatane om dei er villig til la seg nominere på den føreslåtte plassen.

Nominasjonsnemnda må spørje dei føreslåtte kandidatane om dei reserverer seg mot Venstre sin vedtekne politikk.

Nominasjonsnemnda må spørje valde representantar om dei stiller til val på ny.

Nominasjonsnemnda kan ikkje føreslå kandidat som er medlem i nominasjonsnemnda med mindre vedkomande trekk seg frå nemnda straks forslaget blir fremja anten av komiteen eller av andre. Dersom vedkomande ikkje ønskjer å trekke seg, skal forslaget avvisast.

Nominasjonsnemnda blir stilt fritt i sitt arbeid med å vurdere aktuelle kandidatar til vallista, men ho er forplikta til å innhente naudsynt informasjon frå kandidatane og kan eventuelt innhente informasjon frå andre kjelder.

Kandidatar som blir føreslått til topplasseringar på listene må å ha akseptert dette på førehand.

Kandidatane må vere innstilt på å sette av tilstrekkeleg tid til naudsynt skulering og aktiv innsats i valkampen. Dette gjeld spesielt for dei øvste kandidatane.

Kandidatane må stå inne for partiet sitt prinsipprogram og i all hovudsak vere einig i partiet sin politikk. Venstre har ingen krav om at kandidatane må vere medlem i partiet. Det er lov å tenke nytt, utradisjonelt og å vere kreativ i nominasjonsprosessen når det gjeld å føreslå personar som pr. i dag ikkje er aktive i partiet.

Vi håpar at alle sender inn svar til nemnda innan fristen og vi ser fram til å kunne leggje fram ei god liste til nominasjonsmøtet som etter planen er sett til 4. februar 2011
.

Lukke til med arbeidet!

Men helsing

Svenn Øvrebø
Leiar Sogn og Fjordane Venstre si nominasjonsnemnd
Mob. 93 48 26 50 / [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**