Vi gleder oss til få få ei byhistorie

– Frithjof Foss Arendal Byes historie frå 1893, pent nytrykt med mange nye illustrasjonar og nyttige kommentarar av fagfolk i 1998 bør få ei avløysing og oppdatering, seier Arendal Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Bygdebøker for Tromøy i arbeid, fleire ulike bøker frå Hisøy er komne ut, vi har konkurrerande bøker frå Øyestad, ei av dei mellom dei mest oppfinnsame og fantasifulle i norsk bygdebokhistorie, Austre Moland fekk ei bygdebok på slutten av 1950-talet, Trekk av Stokkens historie kom i 1982. Vi vedtok i fjor, mot ei stemme i bystyret, at det er viktig at Flosta får si historie. I tillegg kjem det jamnt med årsskrift og årbøker med artiklar både av faghistorikarar og lekfolk.

Mandal har byhistorie i tre bind frå 1990-talet, Grimstad eldre bok, Tvedestrand 1936, Froland nye bøker og Åmli veldig godt på veg.

Arnt Gunnar Tønnessen, Andreas Raaum, Helene Fladmark

Foto: Jan Kløvstad

Andreas Raaum, bildet, har vore aktivt med i førebuingsarbeidet.

Vi treng eit eige historisk verk, for heile det som i dag er Arendal. Og det må skrivast av faghistorikarar.

Og så har Venstre noen ønsker: I opplistinga av innhald i historieverket er det nemnt noen emne. Dei er greie nok. Temagruppene omfatter skipsfartens historie, historien om tro- og menighetsliv, trelasthandel og gruvedrift, samt bedriftshistorie. Det er greit nok. Menighetslivet er nemnt, og særleg med utgangspunkt i det heller urolege religiøse miljøet i Arendal midt på 1850-talet er det eit interessant tema. Men kulturlivet er ikkje nemnt. Vi må ha med det frivillige Arendal, idretten, musikken, barne- og ungdomsorganisasjonane.

Til nå er det, med unntak for kultursjefen, noe skeivt kjønnsmessig i arbeidsgruppene. Og det kan vere grunn til å nemne at sånn omtrent halvparten av innbyggarane i Arendal, heilt frå aller første tid det budde folk her, er kvinner. Og det er også mange dyktige kvinnelege faghistorikarar både ved Universitet i Agder, som lausarbeidarar rundt om og på landsplan.

Forslaget frå formannskapet er eit godt forslag, der vi følgjer faglege råd frå Lokalhistorisk institutt om korleis vi skal arbeide. Venstre ser fram til å rydde plass i komande budsjett, og vi gleder oss til å lese det ferdige resultatet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**