Ja til fylkessamanslåing frå Arendal Venstre

“Jeg synes dette er et spennende lokalt initiert initiativ. Jeg ønsker dere lykke til i det videre arbeidet”, skreiv statsråd Liv Signe Navarsete i brev til fylkeskommunane her sør 19. februar i år. I det same brevet skriv Navarsete, som også er sjef for fylkesmannen i Aust-Agder, at Agder har gode sjansar til å kunne beholde like mange stortingsrepresentantar som i dag, sa Jan Kløvstad i

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


bystyredebatten i Arendal i kveld.

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Venstre går inn for folkeavstemming. Vi vil arbeide aktivt for eit ja til samanslåing i den folkeavstemminga. Venstre vil ha ein sterk landsdel, ogh vi vil ha ein balansert landsdel. Vi vil balansere Kristiansandsmakta mot felles interesser i Lister og Arendal/Grimstad, i Setesdal, Mandalsregionen og Østre Agder.

Venstre vil ha eit meir demokratisk Agder. Vi vil ha eit fylkesting som er direkte valt av veljarane i heile Agder, i staden for Agderrådet og andre bøttekott. I dag kan vi som veljarar i Arendal velje — og kaste – fylkesordførarar, fylkesvaraordførarar og andre fylkesmedlemer i aust. Men vi har ingen sjanse til å påverke kven som skal bygge ut og bygge ut og bygge ut i Sørlandsparken noen centimeter utanfor fylkesgrensa. Og eg skulle gjerne kasta alle som har gitt lov til å bygge Sørlandsparken så stor og så nær Aust-Agder at handelen der i mange år har vore og framleis er ein reell trussel mot alle bysentrum og alle butikkar heilt til Risør og Gjerstad.

Venstre vil ha eit sterkare Agder, vi vil skape Norges sjette største fylke. Vi vil ha ti stortingsrepresentantar som skal kjempe for ein SAMLA landsdel. I dag har vi 4 i aust,, og ein av dei er utjamningsmandat. I vest er det seks og ein av representantane der er også valt på utjamning. I Stortinget er truleg 163 av 165 representantar for fylkessamanslåing på Agder. Det er liten grunn til å tru at Stortingsfleirtalet vil ha ei anna haldning enn kommunalminister Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet om kor mange handlekraftige stortingsrepresentantar Agder skal ha i framtida. I formannskapet hevda noen at alle ti sikkert ville kome frå Kristiansand. Kva er det for slags mindreverdighetskompleks? Rett nok er ein av dei fire frå Aust-Agder født i Kristiansand, men ho er valt frå Aust-Agder.

Venstre vil ha eit effektivt og samordna Agder, slik vi ser det kvar gong vi tar buss eller bil på den nye E18 mellom Grimstad og Kristiansand. Godt politisk handverk lokalt la grunnlaget for at Venstres samferdsleminister kunne køyre gjennom dette enormt viktige prosjektet. Vi må ha fleire slike prosjekt, som kystjernbane, trygg E18 vidare austover til Tvedestrand og også ein samla plan for både jernbane og E39 på farlege strekningar vestover frå Søgne og midtstripe i Setesdal. Universitet på Agder, og at vi har ein nybygd kampus i Aust-Agder er også eit resultat av godt samarbeid i ein samla landsdel. Vi må stå saman om slike oppgåver. For å sitere NHO-sjefen på Agder i kronikk i Agderposten denne veka: "Vi må koordinere innsatsen slik at vi får gjennomslag når vi utfordrer nasjonale myndigheter til å sørge for raskere fremdrift på prosjekter, økt planleggingskapasitet og vilje til å ta i bruk alternative finansieringsmodeller. "

Vi har ein felles arbeidsmarknad. For vår del er den særleg felles mellom Arendal og Grimstad, og også mellom Kristiansand og Arendal/Grimstad.

Eit samla og direktevalt fylkesting vil bli tvungen til å ta både samarbeid og kampar i åpnare rom enn alle dei samarbeidskonstellasjonane vi har nå.

Arendal er gitt ein gylden sjanse i forhandlingsresultatet, og i går stadfesta formannskapet i Kristiansand at dei leiande folkevalte i Kristiansand godtar resultatet. Eg siterer frå Fævennen på nettet i går kveld:
"Formannskapet aksepterer også styringsgruppas flertallsforslag når det gjelder lokalisering av fylkeskommunale og statlige administrasjoner mellom Arendal og Kristiansand. "
Formannskapet i Arendal har foreslått at dei offentlege arbeidsplassane skulle fordelast mellom fem sentra, og ikkje berre mellom Arendal og Kristiansand. Det var eit på mange måtar godt forslag, sjølv om eg nok heller ville ha styrka dei eksisterande bysentra enn å skape nye sentra langs E18. Forhandlarane i dei to fylkestinga burde vore langt meir åpne for innspela frå formannskapet i Arendal.

Men nå er altså konklusjonen frå forhandlingsgruppa at dei gir Arendal meir enn det vi i Arendal har bedt om av arbeidsplassar! Og så skal vi stole på oss sjølve, eit felles fylkesting og kanskje driste oss også til å ha tillit til komande storting om at dei vil respektere ei fordelinga forhandla fram på lokalt initiativ. Samarbeid er å “ville” og da nyttar det ikkje å tillegge andre haldningar som “de vil ta makta”, “de vil bare overkjøre oss” osv.. Det er alltid noen som er større eller mindre enn oss sjøl og den type utsagn minner dessverre alt for mykje om misunnelse, og negative haldningar om maktbegjær og mistenksomhet.

Skal vi få til et fruktbart samarbeid på Agder må alle vere villige til å gi andre noe og så får det vere opp til fellesskapet å sørge for at godene blir fordelt på ein god måte.
Det er interessant å sjå det store engasjementet både for og mot ein fylkessamanslåing. All erfaring viser at dei som seier nei til forandring har lettast for å nå fram. Som Nils Johannes Nilsen har sagt er fylkeskommunen noe dei færrast kjenner til, bortsett frå når dei har ungdom i vidaregåande skole eller vondt i tennene. Elles står jo ikkje fylkeskommunen eller fylkesmann så veldig høgt i kurs, om vi skal tolke debattane i planutval, formannskap og bystyre her i Arendal.
Også i dei nye sosiale mediene er det stort engasjement. På Facebook er det imponerande nok fleire i gruppa som seier JA til fylkessamanlåing, enn i Nei-gruppene.

Dei ferske meiningsmålingane er ikkje ferdig analyserte ennå. Det er ja-fleirtal i vest og nei i aust. Men ja-sida i Aust-Agder er mykje større enn før. Og når heile målinga er gjennomanalysert kan vi truleg sjå at ja-sida spiser seg stadig austover.

Hastar det med samanslåing? Ja, Venstre meiner det. Det er ofte klokt å hoppe over bekken i eit hopp, så vi ikkje blir vassande rundt i vatnet for lenge. Det er mange tilsette som skal bytte arbeidsplass, og jo lenger vi ventar etter eit eventuelt ja, jo større er risikoen for at mange av dei dyktige fagfolka vil bli lokka til andre arbeidsplassar, nærmare hus, barnehage, skole og omgangskrets. Derfor stilte Venstre forslag i formannskapet om at eit eventuelt Ja, som vi håpar blir resultatet av folkeavstemminga, vil føre til samla Agderfylke frå 1. januar 2013. Da kan vi bruke same modellen som i den store kommunereformen i Danmark nyleg: Dei folkevalte i aust og vest blir sittande samla i eit felles fylkesting til vi har nytt fylkestingsval samtidig med stortingsvalet i september 2013.

Eg synest vi skal stole på fylkesordførar Laila Øygarden frå Arbeidarpartiet, og eg synest også det er god grunn til å lytte til Grimstadordførar Hans Antonsen, når dei begge framhevar tillit og felles ansvar, tru på at også framtidige folkevalte er å stole på, og at eit samla fylke her i sør vil løfte landsdelen.

For å oppsummere:
Venstre ber bystyret seie ja til folkeavstemming, og vi reiser forslaget vårt frå formannskapet på nytt om at eit eventuelt ja skal gi samanslått fylke frå 1. januar 2013.
Vi vil ha ein landsdel med null forureining, eitt Agderfylke, to universitetsbyar, tre sjukehus, 50-50 fordeling på veg og jernbane og ein samla landsdel som ser muligheter og skapar ein sterk landsdel saman.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**