Ingen diskvalifikasjon å drive privat barnehage

– Vi synest det er synd å miste ein så god representant som Laila Dagestad Øygarden frå bystyret resten av denne perioden, men må respektere at vervet som leiar av foreninga for dei private barnehagane i Norge, pluss vidareutdanning, krev mykje. Så sjølvsagt skal ho få fritak, slik eit samrøystes bystyre ga henne. Men siste setninga frå rådmannen likar vi ikkje, skriv Jan Kløvstad på vegner av bystyregruppa i Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


"Rådmannen vil til sist bemerke at å ha sentrale verv i Private barnehagers landsforbund og samtidig i kraft av bystyremedlem å utøve eierskap for kommunale barnehager kan medføre interessekonflikter."

Det kan da ikkje vere ein diskvalifikasjon å ha kunnskap om privat barnehagedrift? Dagestad Øygarden har plikt til å melde frå om ho i enkeltsaker har mistanke om at ho er inhabil, men ei slik generell formulering som rådmannen har her, kan vi ikkje godta.

Venstre synest det er eit stort pluss at vi har folk med ulike synsvinklar og erfaringar i bystyret. På den kommunale lønningslista har vi dyktige medarbeidarar som legg god asfalt og grus på vegane. Men vi kan da ikkje ha noe i mot om ein privat entreprenør eller vegarbeidar er bystyremedlem.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**