Flott med nye leiligheter i Kveldrosvingen

Venstre vil varmt tilrå forslaget frå planutvalet. Her ser vi eit godt eksempel på fortetting og at det er gitt plass for leiligheiter og mindre bueiningar i eit godt og velfungerande bumiljø. Eg ser at alle saman har fått brev frå noen av dei som bur i området frå før, sa Venstre Jan Kløvstad i bystyret i kveld.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Alle spørsmåla dei klagar på at dei ikkje har fått svar på, ligg med klare og betryggande svar i saksframlegget på vanleg måte i ansvarleg saksbehandling. Eg var med på befaring i Kveldrosvingen ved førstegangs behandling i planutvalet. Det blei stilt mange spørsmål frå naboane, og det aller siste gløymer eg aldri: “Er det noen som på noe tidspunkt på noe nivå i kommunen har nevnt sosial boligbygging her?”

Svaret mitt der i svingen og i planutvalsmøtet ein times tid etterpå var at “Nei, men det var ein god tanke.”
Å bygge 18 leiligheiter for sal på den åpne marknaden på den gamle gartneritomta ved Kveldrosvingen er eit godt initiativ. Det er god saksbehandling og det blir eit godt resultat, både for dei som etter kvart kan flytte inn i nye flotte leiligheiter og for dei som bur i området frå før. Arendal skal vere befolka av åpne, engasjerte og inkluderande menneske, og det håpar eg også vil vise seg i og ved Kveldrosvingen når dei nye bygga er på plass og folk har flytta inn.

Og så blei utbygginga medtatt med 30 mot 9 stemmer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**