Her har vi fagfolka, her har vi plass, her kan vi ha sentralen nær eit fullverdig sjukehus, og Arendal kommune legg til rette for nybygg med AMK, politi og brannvesen.
Dei faglege råda peikar alle mot Arendal. Når eg på vegner av bystyret i Arendal skal vere observatør i styremøtet for sjukehuset ventar eg at styret vedtar at AMK skal ligge i Arendal.