Ja til 2011 når som helst!

Hordaland Venstre ønskjer å styrka det lokale folkestyret ved å la kommunar og fylkeskommunar få avgjera valdatoen sjølv, unnateke den hausten det er stortingsval.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Hordaland Venstre ønskjer å styrka det lokale folkestyret ved å la kommunar og fylkeskommunar få avgjera valdatoen sjølv, unnateke den hausten det er stortingsval. Vi vil òg la kommunene sjølv bestemme valperioden innanfor ei tidsramme på 2-5 år. Demokrati skal byggjast nedanfrå, ikkje styrast frå toppen. Vi har nemleg full tiltru til at dei lokale folkevalde sjølv veit best kva tid det er fornuftig å avvikla val i sin eigen kommune.
Dette vil vi gjera for å motverka trenden der nasjonale saker, sentrale politikarar og medier pregar lokal valkamp. For det er eit problem at mange velgjarar ikkje veit kvar skiljelinene går i den kommunal- og fylkeskommunal politikk, og at nasjonale politikarar i for stor grad får setja dagsorden i det som er lokal valkamp og lokale tilhøve.
Venstre vil styrka det lokale folkestyret. Velgjarane bør difor få stemma ut frå dei sakene som er viktige i kommunane og på dei lokale kandidatane som stiller til val. For no er det diverre sånn at samansetjinga i mange kommunestyrer er like mykje prega av om den eller hin av rikspolitikarane gjorde det godt i ein TV-debatt.
Ulike valdatoar vil òg vera ein føremon for partifloraen: For parti- og lister utan representasjon på Stortinget er det vanskeleg å nå fram med bodskapen sin så lenge den lokale valkampen vert dominert av dei nasjonale politikarane. Desse bør difor halda seg mest mogeleg til nasjonal politikk, og heller overlata styringa av små og store norske kommunar til lokale folkevalde!

Terje Hatvik
Leiar, Os Venstre

Gunn-Vivian Eide
Pol. nestleiar, Hordaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**