Venstre i Arendal seier ja til fylkessamanslåing

Anne Tørå Solsvik fremma forslag om at eit eventuelt JA til samla Agder fylke i folkeavstemming bør gi eit samla Agder frå 1. januar 2013,

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


men berre Venstre stemte for positive formuleringar om fylkessamanslåing i formannskapet i dag.

Jan Kløvstad argumenterte for at eit samla Agder blir eit sterkare Agder, og viste til behovet for å styrke landsdelen. Venstre ser på Arendal som ein vinnar i forslaget om fordeling av arbeidsplassar, og enda viktigare er det at vi kan samarbeide på like fot i heile landsdelen or felles saker.

Agder Venstre ett fylke

Foto: Stein Inge Dahn

Alle i formannskapet vil ha folkeavstemming, og fleirtalet vil vente til valperioden 2015-2019 med eventuell samanslåing ved eit eventueltt ja-fleirtal. På vegner av Venstre foreslo Anne Tørå Solsvik å ha raskare prosess etter eit eventuelt ja, men resten av formannskapet ville ikkje støtte Venstre i positive formuleringar om samanslåing, og Venstres to representantar blei ståande aleine.

Sjå også fylkeslagets heimesider om same saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**