Ja til fortsatt vern av Raundalselva!

Etter interne diskusjonar – og brei semje om standpunkt – blei følgjande lesarinnlegg publisert i “Hordaland” 15.mai. Bakgrunnen for lesarinnlegget er ei utgreiing om mogeleg vasskraftutbygging i den verna Raundalselva.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Voss Venstre seier nei til storutbygginga av Raundalsvassdraget. Det bør derfor heller ikkje opprettast eit såkalla “Raundalsutval”, som skal gjennomføra ei tids- og pengekrevjande utgreiing.

Trafikk, rødt lys

Foto: Microsoft

Hovudargumenta mot den skisserte utbygginga er – i kortversjon:

– Dei argumenta og verdiane som ligg bak vern av vassdrag og naturområde i Noreg, og for Vossovassdraget på 80-talet, har fått stadig større tyding i seinare år. Det gjeld å ta vare på naturmangfaldet for noverande og komande generasjonar, naturoppleving og friluftsliv, plante- og dyreliv, kulturminne og kulturmiljø m.v.

– Det norske vassdragslandskapet med fossar, elvar og fjordar representerar noko spesielt i internasjonal samanheng. Naturressursane, naturen i fjord- og fjellområda, er ein heilt sentral føresetnad for reiselivet i Voss og indre strok av Hordaland. Det er også naturen og reiselivet som særleg gir von om verdiskaping og fleire arbeidsplassar i bygda.

– Raundalselva er ikkje berre eit viktig element i den vakre naturen i Voss, men gir alt no verdiskaping og næringsliv gjennom m. a padling og rafting. Den skisserte utbygginga vil øydeleggja for dette.

Skulle det derimot vera grunneigar(ar) som vil satsa på å få utgreidd minikraftverk med effekt inntil 1 MW – som Stortinget har gitt grønt lys for – er Venstre villig til å vurdera det.

Med helsing

Torstein Gunnarson
for Voss Venstre

Logo Venstre

Foto: Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**