Alle berørte partar må med frå første dag i ny Barbu-planlegging

– Venstre ber om at ordførar og rådmann straks inviterer til ein åpen samtale om FRAMTIDAS BARBU. Heilt frå dag 1 er det viktig at alle berørte og engasjerte partar er med, seier formannskapsmedlem Anne Tørå Solsvik og gruppeleiar Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Barbu med Barbu kirke

Foto: Jan Kløvstad

Venstre foreslo å utvide posisjonens forslag frå å invitere med kommunen og grunneigarar til også å gjelde “berørte partar”. Dette blei alle partia samde om og Venstre understreka dette frå talarstolen i bystyret 29. april før det einstemmige bystyrevedtaket om ny prosess blei fatta.

Venstre vil ha ein åpen samtale med Barbu brygge, fiskemottaket, Parkaksjonen, Barbu Vel, Kreative krefter, Arendal historielag, Fortidsminneforeningen, gruppeleiarane i bystyret og gjerne også lokalpartileiarane om korleis vi nå skal gå fram. Venstre meiner det er viktig å ha åpen startsamtale med “alle” partar, meir og mindre berørte, heilt frå starten av.

– Med ein god prosess kan vi kome fram til framtidsretta løysingar som alle kan samle seg om, seier formannskapsmedlem Anne Tørå Solsvik og gruppeleiar Jan Kløvstad i Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**