etter at Jim Wallace var i same posisjon i Skottland som Nick Clegg nå er i heile Storbritannia. Da skottane fekk eige parlament og eiga regjering i 1999 fekk ingen av partia fleirtal. Liberal Democrats gjekk inn i ein LibLab-avtale der kravet var å gå over til forholdstalsval etter skandinavisk modell.
Jim Wallace, som blei visestatsminister, hadde god kontakt med norsk politikk. Han har vore med i valkamp for Venstre i Hordaland og Oslo, han besøkte Norge mange gonger i samband med kampen mot forureininga frå atomkraftanlegget Dounreay og i tida som visestatsminister hogde han juletre i Grimstad og besøkte både Bokbyen ved Skagerrak og Næs Jernverksmuseum.
Nå er det forholdstalsval til skotske parlamentet i dei store bykretsane i Edinburgh, Glasgow, Aberdeen, Perth og noen fleire stadar. Systemet er i ferd med å innarbeide seg, og alle erfaringane er gode. I kveld er Jim Wallace invitert som kommentator i BBC, nettopp fordi BBC ser for seg at Storbritannia kan stå foran den viktigaste demokratiseringa på godt over 100 år.
Vi i Venstre i Norge gleder oss over framgangen for søsterpartiet Liberal dDemocrats, eit parti som har valprogram og praktisk politikk heilt i tråd med både prinsipprogram og stortingsvalprogram i Venstre. Sjå heimesida www.libdems.org. I dag reiser Venstreleiar Trine Skei Grande til London for å hente inspirasjon frå dei aller siste dagane med britisk valkamp.
Nå håpar eg at britane lyttar til Nick Cleggs siste oppfordring, som svar på at både Labour og Tories ber folk stemme taktisk: “Ha høge ambisjonar, ikkje nøy deg med det nestbeste.”